Næringsutvikling: Landskapspark skal bli merkevare
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.08.2007
Næringsutvikling: Landbruks-og matdepartementet løyver 100 000 kr til Landskapsparkane i Hordaland.
Næringsutvikling: Landbruks-og matdepartementet løyver 100 000 kr til Landskapsparkane i Hordaland.
Sju landskapsparkar går saman om merkevarebyggjing
Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen har løyvd 100.000 kroner av sentrale BU-midlar til eit regionalt utviklingsprosjekt i Hordaland. Landskapsparkprosjektet i Hordaland starta som eit regionalt utviklingsprosjekt i 2006 i samarbeid mellom Fylkesmannen, fylkeskommunen, Innovasjon Norge og utvalde kommunar i fylket. Prosjektet er initiert og leia av fylkesmannens landbruksavdeling i Hordaland. Som eit resultat av prosjektet er sju landskapsparkar under etablering i Hordaland: Fyksesund i Kvam kommune, Herand i Jondal kommune, Myrkdalen i Voss kommune, Vikebygdkrinsen i Ullensvang kommune, Solheim/Sæbø i Radøy kommune, Stalheim i Voss kommune og Åkrafjorden i Etne kommune.
- Tilskotsbrev frå Landbruks- og matdepartementet (pdf, 1 mb)
Prosjektet har så langt skapt høgt engasjement og lokal mobilisering. Det er etablert eit godt grunnlag for samarbeid og nettverksbygging mellom gardbrukarane, bygdefolk, næringsliv og offentlege aktørar i dei deltakande bygdesamfunna. Langsiktig merkevarebygging knytt til landskapskvalitetar er sentralt for å ta ut ein meirverdi i marknaden og sikre auka verdiskaping i landskapsparkane.
Erfaringane som blir hausta gjennom prosjektet vil også kunne gje verdfulle innspel til utvikling og konkretisering av landskapspark/natur- og kulturpark som modell for nærings- og lokalsamfunnsutvikling på nasjonalt nivå.
Gjennom tildeling av midlar til regionale utviklingsprosjekt over dei sentrale BU-midlane ynskjer Landbruks- og matdepartementet å stimulere til arbeidsmetodar og kompetansehevande tiltak som kan fremje lokal verdiskaping knytt til landbruksbasert næringsutvikling.
Prosjektet har tidlegare i år blitt tildelt 100.000 kr frå LMD til gjennomføring av Streif-arrangement i tilknyting til landskapsparkane.
Landbruks- og næringsutvikling:
- Landbruks- og matdepartementet lanserte i 2007 ein ny strategi for næringsutvikling Meir om næringsutvikling i landbruket hjå Landbruks- og matdepartementet
Næringsutvikling: Landbruks- og matdepartementet løyver 100 000 kr for å konkretisere og utvikle ”landskapspark” som merkevare.