Næringsutvikling: Ny bruk av setrar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 14.05.2007
Næringsutvikling: Det blir enklare å drive anna næring enn mjølkeproduksjon på setrar i statsalmenningar.
Næringsutvikling: Det blir enklare å drive anna næring enn mjølkeproduksjon på setrar i statsalmenningar.
Mangfold av ressursar
- Statsalmenningane representerer eit mangfald av ressursar, som må nyttast for å skape ny næringsverksemd, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen. - Landbruket er også ein viktig kulturberar. Det er stor etterspurnad etter verdiar og kvalitetar som gardane og bygdene kan by fram. Kanskje heilt spesielt gjeld dette setermiljøa, der det mange stader er potensial for småskala turisme. Derfor har vi nå endra regelverket slik at det skal bli enklare å drive anna næring enn mjølkeproduksjon på setrar i statsalmenningar, seier Riis-Johansen.
Lempe på kravet til mjølkeproduksjon
Landbruks- og matdepartementet har sendt ut rundskriv der det blir lagt opp til viktige endringar i praksis i statsalmenningane. Det skal lempast på kravet til mjølkeproduksjon på setra når det blir utvist seter, og det skal kunne utvisast seter der det ligg til rette for ein kombinasjon av jordbruksmessig og småskala turistmessig utnytting av setrene i statsallmenningane.
Småskala turisme
Dette betyr at det i vurderinga av om seter skal utvisast skal det også bli lagt vekt på andre omsyn, slik som ein kombinasjon av aktivitetar som krev husvære, inkludert småskala turistmessig utnytting av seter i form av utleigehusvære, servering osb. Det blir signalisert ei endring av praksis, slik at det normalt bør bli gitt løyve til ombygging/ominnreiing av bygningar det ikkje lenger er behov for til seterformål, slik at desse kan tene hovudbruket på anna vis.
Rapport om ”tida og tilhøva”
Det har over tid vore diskusjon om korleis bruksrettane i statsallmenningane skal utvikle seg. Landbruks- og matdepartementet sette i 2006 ned ei arbeidsgruppe for vurdering av rammene for bruksrettsutøving i statsallmenningane, under dette at bruksrettane skal kunne utnyttast i samsvar med rasjonell bruk etter ”tida og tilhøva”. Departementet vurderer for tida arbeidsgruppa si rapport, og om det er aktuelt med fleire endringar i regelverket på dette feltet.
Næringsutvikling: Det blir enklare å drive anna næring enn mjølkeproduksjon på setrar i statsalmenningar.