Næringsutvikling: Prosjekt Vikingfjorden set segl
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.08.2007
Næringsutvikling: Tre-årig prosjekt i Sogn og Fjordane skal løfte fram det småskala reiselivet og utvikle nettverk mellom små reiselivsverksemder.
Næringsutvikling: Tre-årig prosjekt i Sogn og Fjordane skal løfte fram det småskala reiselivet og utvikle nettverk mellom små reiselivsverksemder.
Gaular Næringshage har fått 150 000 kr til det regionale utviklingsprosjektet Prosjekt Vikingfjorden under landbruks- og matministeren sitt besøk i Gaular i Sogn og Fjordane. Prosjektet arbeider med kultur- og naturbasert næringsutvikling i Bygstad.
- Tilskotsbrev frå Landbruks- og matdepartementet (pdf, 1 mb)
Det treårige prosjektet Prosjekt Vikingfjorden starta i 2006 og arbeider med kultur- og naturbasert næringsutvikling i Bygstad. Gjennom å spele på lag er det utvikla eit nettverk mellom 18 små reiselivsverksemder i Bygstad som tilbyr m.a. gardsovernatting, servering, møtelokale og aktivitetar på fjord og i fjell for gjestar. Prosjektet har mange likskapstrekk med Hordaland si satsing på landskapsparkar og er eit svært godt døme på korleis samarbeid og nettverk kan lyfte fram det småskala reiselivet. Prosjektet har allereie gode resultat å vise til, og det er utarbeida klare målsettingar knytt til vidare framdrift i prosjektet.
Gjennom tildeling av midlar til regionale utviklingsprosjekt over dei sentrale BU-midlane ynskjer Landbruks- og matdepartementet å stimulere til arbeidsmetodar og kompetansehevande tiltak som kan fremje lokal verdiskaping knytt til landbruksbasert næringsutvikling. Satsinga er eit spennande tiltak som bidreg til å definere landbruket breitt og vise korleis landbruket sine ressursar bidreg til småskala næringsutvikling i bygdene.
Landbruks- og næringsutvikling:
- Landbruks- og matdepartementet lanserte i 2007 ein ny strategi for næringsutvikling Meir om næringsutvikling i landbruket hjå Landbruks- og matdepartementet
Næringsutvikling: Gaular Næringshage i Sogn og Fjordane har fått 150 000 kr til det regionale utviklingsprosjektet Prosjekt Vikingfjorden for vidare satsing på kultur- og naturbasert næringsutvikling.