Historisk arkiv

Nasjonal fjellskredkonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statssekretær Ola Heggem i Landbruks- og matdepartementet deltek på eit nasjonalt fagseminar om fjellskred og store flodbølgjer i Loen, Sogn og Fjordane 14. november.

Statssekretær Ola Heggem i Landbruks- og matdepartementet deltek på eit nasjonalt fagseminar om fjellskred og store flodbølgjer i Loen, Sogn og Fjordane 14. november.  

Statssekretær Ola Heggem skal halde eit innlegg på nasjonal fjellskredskonferanse i Loen 14. november med tema ”Regjeringa sin politikk med omsyn til store fjellskred og flodbølger.” Her vil han gjere greie for nasjonale føringar for framtidig handtering av fjellskred- og flodbølgjeproblematikk. 

Konferansen er open for alle styresmakter og verksemder som er berørte av fjellskred- og flodbølgjeproblematikk. Målgruppa for konferansen er politisk og administrativ leiing, beredskapsansvarlege og arealplanansvarlege i kommunane. Konferansen er i regi av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fyylkesmannen i Sogn og Fjordane. 

Regjeringa løyvde 30. oktober 2007 10 millioner kroner for 2008 til å etablere døgnkontinuerleg overvaking av skredfarlege område i Storfjorden i Møre og Romsdal.