Historisk arkiv

Planter: Rotekte plommer etterlyses

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Planter: Genressurssenteret ber om tips for å finna fram til dei beste typane av rotekte plommer. Rundt Oslofjorden og langs kysten opp til fruktstroka på Vestlandet finst eit utal ulike typar.

Planter: Genressurssenteret ber om tips for å finna fram til dei beste typane av rotekte plommer. Rundt Oslofjorden og langs kysten opp til fruktstroka på Vestlandet finst eit utal ulike typar.

Grunnstammer
Europeiske plommer kjem opprinneleg frå det sørlege Europa og det vestlege Asia rundt Kaukasus og Det Kaspiske hav, og det vert sagt at Aleksander den store tok med seg plommetre frå Damaskus til Hellas om lag år 330 f.Kr.

Etter kvart har mange ulike varianter utvikla seg og breidd seg utover Europa og i Noreg. Rotekte plommesortar har vore mykje nytta som grunnstammer og har i tillegg vore nytta til mat. Enkelte sortar har jamvel vore selde til konsum på torg og i butikkar.

Populære sorter
Nokre sortar finst allereie i Genressurssenteret sine sortsamlingar, så som Tråneplomme frå Søgne og Eikerplomme. Andre kjende plommer som førebels ikkje er samla inn er Omboplomme, Staubøplomme og Bergaplomme. Rotekte plommer finst i mange former og fargar, til dømes gule og gulkvite, blå, grøne og raude.

Genressurssenteret vil samle informasjon om plommeslaga og bruken av dei, og vi ynskjer tips om førekomstar av slike plommer. Mest interessante er dei sortane som har så gode frukter at dei har vore brukt mykje og har vore så populære at trea er spreidd til fleire stader.

Planter: Rundt Oslofjorden og langs kysten opp til fruktstroka på Vestlandet finst eit utal ulike typar rotekte plommer.