Reindrift: Vanskelege beitetilhøve i Finnmark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 06.03.2007
Reindrift: Store snømengder og mildversperioder tidleg i vinter gjer det vanskeleg for reinen i Finnmark å finne mat.
Reindrift: Store snømengder og mildversperioder tidleg i vinter gjer det vanskeleg for reinen i Finnmark å finne mat.
- Vi har bedt Mattilsynet og Reindriftsforvaltningen komme med ein rapport om situasjonen i løpet av veka, seier landbruks- og matminister Terje Riis Johansen. - Rapporten skal gi prognose for den vidare utviklinga, status for kva som er gjort så langt for å avhjelpe situasjonen og tiltak som vil bli sett i verk for å forhindre dyrelidingar. Mattilsynet vurderer fortløpande dei dyrevernsmessige sidene av saka, seier Riis-Johansen.
- Mattilsynet tilrår reineigarane å byrje krisefôring av rein - hele saken hos Mattilsynet
- Mattilsynet: Krisefòring av rein - hele saken hos Reindriftsforvaltningen
Frå reindrifta er det signalisert at beitesituasjonen på vinterbeiteområda er dårlege i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Heller ikkje i Aust-Finnmark reinbeiteområde er beita gode. Konklusjonen etter inspeksjonar er at beitetilhøva generelt er dårlege, til dels svært dårlege.
Mattilsynet, Reindriftsforvaltninga og reineigarane er uroa for korleis beitesituasjonen vil utvikle seg utover vinteren. Mattilsynet tilrår reineigarane å starte krisefôring av reinen.
Reindrift: Store snømengder og mildversperioder tidleg i vinter gjer det vanskeleg for reinen i Finnmark å finne mat.