Jordbruk: Vil endre seterforskrift
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 13.06.2008
Jordbruk: Landbruks- og matdepartementet har sendt utkast til endringar i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane av 22.06.84 til høyring
Jordbruk: Landbruks- og matdepartementet har sendt utkast til endringar i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane av 22.06.84 til høyring.
- Dette er eit ledd i arbeidet med å leggje betre til rette for næringsutvikling og utnytting av ressursane i statsallmenningane, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
Åpner for næringsutvikling
Departementet følgjer opp fleirtalsforslag frå ei arbeidsgruppe som har sett på utvikling av bruksrettane i statsallmenning.
- Innstillinga frå arbeidsgruppa (pdf, 135 kb)
Dette gjeld mellom anna tilgang til oppføring av gjetarbu, areal til oppføring av gjødselkum, natthamning, og utvising av areal til kultivering av beite og inngjerding, som no blir knytt til bruksrett i statsallmenningane. Departementet meiner det i enkelte høve kan vere rasjonelt at til dømes ei seter eller ei setergrend utnyttar nærliggjande vassfall til produksjon av elektrisk kraft. Føresetnaden må vere at utnytting av vassfallet ikkje er til skade eller ulempe for andre med bruksrett. For slike mindre anlegg som berre skal forsyne ei seter med strøm skal Statskog ikkje ha vederlag. |
Jordbruk: Gamle seterhus. Foto: LMD |
Lokalt skjønn
Vidare foreslår departementet at ansvaret for utvising av tilleggsjord blir flytta frå Statskog til fjellstyra. Eit siktemål er å gje større rom for lokale vurderingar og skjøn, og sikre ein praksis som opnar for at tilleggsjord blir stilt til rådvelde for dei som er interesserte.
Forskrifta blir sendt til høyring saman med utkast til kommentarar frå departementet om praktisering av føresegnene. Departementet sitt forslag inneber ei modernisering av forskrifta, nokre nye føresegner og ein del materielle endringar i føresegnene og dei tilhøyrande merknadene om praktisering som seinare vil bli sendt ut som rundskriv.
Setermiljøa kan ha store kulturverdiar. Departementet har derfor lagt vekt på medverknad frå kulturminnestyresmaktene ved revisjon av føresegnene i forskrifta.
Høyringsfristen er sett til 1. november 2008.
Det har over tid vore diskusjon om korleis bruksrettane i statsallmenningane skal utvikle seg. Landbruks- og matdepartementet sette i 2006 ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere rammene for bruksrettsutøving i statsallmenningane, under dette at bruksrettane skal kunne utnyttast i samsvar med rasjonell bruk etter ”tida og tilhøva”. I rundskrivet blir dei aller fleste forslaga frå arbeidsgruppa følgt opp.
Jordbruk: Landbruks- og matdepartementet har sendt utkast til endringar i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane av 22.06.84 til høyring.