Historisk arkiv

Klimaprosjekt i Landbruks- og matdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Klima: Landbruks- og matdepartementet skal etablere eit internt klimaprosjekt for å styrkje departementet sitt arbeid med klimaspørsmål, og søkjer to nye medarbeidarar.

Klima: Landbruks- og matdepartementet skal etablere eit internt klimaprosjekt for å styrkje departementet sitt arbeid med klimaspørsmål, og søkjer to nye medarbeidarar.

Klimaprosjekt
Klima: Landbruks- og matdepartementet skal etablere eit internt klimaprosjekt for å styrkje departementet sitt arbeid med klimaspørsmål, og søkjer to nye medarbeidarar.
 
Klimautfordringane i landbrukssektoren blir ei svært viktig sak dei næraste åra. Jordbruket står ifølgje statistikk frå SSB for ca. 9 % av dei norske utsleppa av klimagassar. Samstundes er det eit årleg netto opptak av CO2 i skog på over 27 mill tonn, noko som er over halvparten av dei totale årlege utsleppa. Landbrukssektoren står samla for eit betydeleg netto opptak av klimagassar.

Prosjektet skal leggje hovudvekta på følgjande område;

  • binding av karbon gjennom berekraftig skogbruk og auka bruk av treprodukt
  • auka satsing på bioenergi med basis i skogråstoff og avfallsprodukt frå landbruket
  • forsterka kunnskap med omsyn til binding og utslepp av klimagassar frå jordbrukssektoren og utvikling av offensive tiltak for å betre klimabidraget frå jordbrukssektoren i eit globalt perspektiv
  • klarlegging av konsekvensar av klimaendringane for matproduksjon og landbrukssektoren generelt
  • utvikling av tiltak for å tilpasse norsk landbruk til forventa klimaendringar
  • den globale klimautviklinga og verknader på matforsyning og matvareprisar i verda
  • satsing på ny kunnskap ved auka og samordna FoU-innsats

Klimaprosjektet skal koordinerast frå Avdeling for skog- og ressurspolitikk, men alle avdelingar i departementet skal delta i arbeidet.
 
For å få tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet i dette arbeidet lyser departementet ut to engasjement som rådgjevar/seniorrådgjevar; ei i Avdeling for skog- og ressurspolitikk og ei i Landbrukspolitisk avdeling. Engasjementa gjeld i utgangspunktet for to år.
 
Klima: Landbruks- og matdepartementet skal etablere eit internt klimaprosjekt for å styrkje departementet sitt arbeid med klimaspørsmål, og søkjer to nye medarbeidarar.