Historisk arkiv

Landbruk: Vilje viser vei

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: I Hordaland er det mange positive erfaringar der bønder tilbyr arbeidstrening på gard for personar med psykiske lidingar. Vilje viser vei er ein viktig del av satsinga Inn på Tunet.

Landbruk: I Hordaland er det mange positive erfaringar der bønder tilbyr arbeidstrening på gard for personar med psykiske lidingar. Vilje viser vei er ein viktig del av satsinga Inn på Tunet. 

Grønt arbeid
Grønt arbeid er eitt av mange arbeidstreningstiltak i regi av NAV - Vilje Viser Vei. Tiltaket tilbyr menneske med psykiske lidingar mogleik for allsidig arbeidstrening på gardsbruk. Mange av deltakarane har lenge vore ute av arbeislivet. Arbeid på gard gjev gode erfaringar med å komme i verksemd att. Tiltaket bidreg til ein ny start og avklaring av mogleikar.
 
Grønt arbeid er ein viktig del av satsinga Inn på Tunet.
Tilbodet omfattar mellom anna: 

  • praktisk og variert arbeidserfaring 
  • personleg utvikling gjennom arbeid med dyr og planter 
  • fysisk helsefremmande aktivitet

NAV skisserer to hovudmodellar for samarbeid:

  1. Garden er undeleverandør av kommunal eller privat tiltaksarrangør (arbeidsmarknadsbedrift)
  2. Garden er sjølvstendig tiltaksarrangør med direkte avtale med NAV

Landbruk: I Hordaland er det mange positive erfaringar der bønder tilbyr arbeidstrening på gard for personar med psykiske lidingar.