Likestilling: Kvinner i skogbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 28.03.2008
Likestilling: I dag eig kvinner 22 prosent av landets reine skogeigedomar. Men, kvinnene er lite synlege i skogbruksnæringa. No inviterer Fylkesmannnen i Hordaland kvinner i skogbruket til konferanse.
Likestilling: I dag eig kvinner 22 prosent av landets reine skogeigedomar. Men, kvinnene er lite synlege i skogbruksnæringa. No inviterer Fylkesmannnen i Hordaland kvinner i skogbruket til konferanse.
Med ”Kvinner i skogbruket” ynskjer Fylkesmannen si landbruksavdeling å nå, inspirera og koma i dialog med kvinnene. På programmet står mellom anna debatt om kvinner og skog, skog som politikkfelt og kva forsking seier om kvinner sin posisjon i skogbruket. Deltakarane vil og få høyra døme på korleis ulike kvinnelige skogeigarar forheld seg til sine skogeigedomar. Konferansen byr og på nyttig innsikt i eigedomsoverdraging og i odelslova. Forvaltninga og organisasjonar vil og vera til stades for å orientera om si rolle, sine rådgjevingsfunksjonar og korleis dei kan bistå deg i å byggje nyttige nettverk inn i skogbruksnæringa. |
|
Likestilling i landbruket
Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like høve til å driva næringsverksemd i og i tilknyting til landbruket. Landbruks- og matdepartementet ynskjer å leggja til rettes for at unge jenter og kvinner i større mon nyttar odelsretten sin og såleis kjem inn i landbruksnæringa. Kvinner er sentrale i utviklinga av attåtnæringar og dermed til utviklinga av næringslivet på bygdene.
Likestilling: No inviterer Fylkesmannnen i Hordaland kvinner i skogbruket til konferanse 7 - 8. mai på Augustin Hotel i Bergen.