Historisk arkiv

Reiseliv: Bygdeturismen på offensiven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Reiseliv: 70 bygdeturismetilbydarar i Sogn og Fjordane og i Hordaland melder at hytteutleigesesongen teiknar til å bli om lag 10 prosent betre enn i fjor. Sal av lokale gardsmatprodukt går og unna.

Reiseliv: 70 bygdeturismetilbydarar i Sogn og Fjordane og i Hordaland melder at hytteutleigesesongen teiknar til å bli om lag 10 prosent betre enn i fjor. Sal av lokale gardsmatprodukt går og unna. 

Variasjonar på utleigesida
Nokre kan melda om ein dårlegare start på sesongen. Andre seier dei må ha meir ”is i magen” enn før, då fleire tingar overnattingane seinare enn før. Fleire og fleire hytteutleigarar organiserer mykje meir av sitt eige sal. Dette kan bety ein liten nedgang i tal veker, men ein auka inntening då heile inntekta går til turistverten.
 
Lokale produkt er populære
Gardsmatprodusentar, som ofte sel mest av produkta sine på andre tider av året, har og merka at varene går unna i sommarvarmen. Dette gjeld både til turistar, og at fleire og fleire kollegaer i hotellbransjen nyttar produkta.
 
Reiseliv: 70 bygdeturismetilbydarar i Sogn og Fjordane og i Hordaland melder at hytteutleigesesongen teiknar til å bli om lag 10 prosent betre enn i fjor.