Historisk arkiv

Skog: Juletre i juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Skog: Kva gjer juletreprodusentane i juli? Dei har travle dagar med forming av trea og stell av juletrefelta. Det skal gjødslast, og ugraset skal haldast i sjakk. Juletrenæringa på Agder startar nå eit prosjekt for å få fleire til å dyrke juletre og nobelbar.

Skog: Kva gjer juletreprodusentane i juli? Dei har travle dagar med forming av trea og stell av juletrefelta. Det skal gjødslast, og ugraset skal haldast i sjakk. Juletrenæringa på Agder startar nå eit prosjekt for å få fleire til å dyrke juletre og nobelbar.

Fjelledelgran
Oppbygginga av juletreproduksjon i Aust- og Vest-Agder er godt i gong.  Hovudtreslaget som blir planta er nordmannsgran, men talet på fjelledelgran er på veg oppover.  Klimaet for nordmannsgran er godt i begge Agder-fylka når det bli valt rett proveniens på rett plass.  Agder har også eit godt klima og eigna stader for produksjon av fjelledelgran.  - Her ligg eit potensiale for eksport til Europa frå Agder og Rogaland, fordi kontinentet ikkje har eigna klima til produksjon av fjelledelgran sjølv, seier prosjektleiar Terje Pundsnes. 
 
Eksport
Innan kort tid vil det også bli krav om dokumentert produksjon av juletre og nobel ved sal til grossist og til eksportmarknaden.  - Skal vi få til ein slik dokumentasjon krev det samarbeid og større plantingar, sier Pundsnes.
 
Treårig prosjekt
Det vert no starta eit treårig prosjekt for å heve kvaliteten på det ferdige produktet som går ut til forbrukar.  Ein vil også arbeide med å auke kunnskapen blant dyrkarane å på ein del områder i produksjonen.  Produsentane må få ein sterkare tilknyting til marknaden og tilpasse seg kundane.  Den mest effektive metoden for å få resultat er enkeltbesøk og erfaringsgrupper.  Denne måten å arbeide på krev store menneskelege- og økonomiske resursar, men gir på lang sikt best resultat.
Skog: Kva gjer juletreprodusentane i juli? Dei har travle dagar med forming av trea og stell av juletrefelta. det skal gjødslast, og ugraset skal haldast i sjakk. Juletrenæringa på Agder startar nå eit prosjekt for å få fleire til å dyrke juletre og nobelbar.