Inn på tunet: Nasjonal konferanse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 20.04.2009
Inn på tunet: Møre og Romsdal fylke inviterer til nasjonal Inn på tunet-konferanse i Ålesund 3. og 4. juni. Fristen for påmelding er 1. mai. Årets konferanse set fokus på kvalitetssikring, tilsyn og framtida for Inn på tunet.
Inn på tunet: Møre og Romsdal fylke inviterer til nasjonal Inn på tunet-konferanse i Ålesund 3. og 4. juni. Fristen for påmelding er 1. mai. Årets konferanse set fokus på kvalitetssikring, tilsyn og framtida for Inn på tunet.
Inn på tunet er eit tilbod på gardsbruk for enkeltmenneske eller grupper. Aktivitetane i tilbodet bygger på garden og bonden sine ressurser. Dette kan vere eit tilbod om utdanning knytt til skolen. Det kan og vere eit tilbod om aktivitet eller arbeidstrening gjennom helse- og omsorgstenesta. Gards-miljøet høver godt for utforming og tilrettelegging av dei einskilde tilboda. Stell av dyr og planter, drift av skogen, pleie av kulturlandskapet og vedlikehald av maskiner og bygningsmasse utgjer aktivitetsgrunnlaget. Men det er også høve til mange aktivitetar som ikkje treng ha noko irekte med gardsdrifta å gjere. |
Inn på tunet-aivitetane er eit tilbod på gardsbruk for enkeltmenneske eller grupper, og bygger på garden og bonden sine ressurser. Foto: LMD |
Målgruppe for den nasjonale konferansen i Ålesund er alle offentlege og private rettleiarar innan helse og omsorg, oppvekst og utdanning, landbruk og andre aktuelle samarbeidspartnarar. I tillegg er alle tilbydarar og alle som har interesse av å kjøpe Inn på tunet-tenester, aktuell målgruppe.
Inn på tunet: Møre og Romsdal fylke inviterer til nasjonal Inn på tunet-konferanse i Ålesund 3. og 4. juni. Påmeldingsfristen er 1. mai.