Historisk arkiv

Jordbruk: Oppgang i inntektene i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Jordbruksinntektene auka med kroner 8400 (4 prosent) frå 2007 til 2008, og var gjennomsnittleg kroner 212 500 per årsverk. Dette er eit av resultata frå dei årlege driftsgranskingane utført av NILF. Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 861 bruk fordelt over heile landet.

Bruk med korn og svin gav høgast jordbruksinntekt av de ulike presenterte driftsformene med gjennomsnittleg kroner 299 000 per årsverk, trass i ein nedgang på 10 prosent frå 2007. Nedgangen skuldast vekst i kostnader, særleg gjødsel og kraftfôr. Lønsemda for bruk med einsidig kornproduksjon auka mest, med 40 prosent til kroner 212 200 per årsverk. Godt avlingsår og prisauke er hovudårsakene. Mjølkeproduksjonen oppnådde kr 197 800 per årsverk, ein nedgang på 1 prosent. Kostnadsauke er årsak til nedgangen. Sauehaldet hadde ein auke på 15 prosent til kroner 149 300 per årsverk.
 
     Jordbruk: Kornåker
Jordbruk: Bruk med korn og svin gav høgast jordbruksinntekt av de ulike presenterte driftsformene. Foto: LMD

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) er eit frittståande og uavhengig statleg forskningsinstitutt med tilknyting til Landbruks- og matdepartementet.

Jordbruk: Jordbruksinntektene auka med kroner 8400 (4 prosent) frå 2007 til 2008, og var gjennomsnittleg kroner 212 500 per årsverk.

Forsidebilde: Jørn Areklett Omre, Samfoto