Kulturlandskap: Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 24.07.2009
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal.
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal.
Fakta om det utvalgte kulturlandskapet Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal
Sted: Sunndal kommune, Møre og Romsdal
Jordbruksregion: Sør-Norges dal- og fjellbygder
Områdetype: Gårds- og seterlandskap ved Grøvuvassdraget
Areal: 101 000 dekar
Kulturlandskap: Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal. Foto: Anders Hovde.
Grøvuvassdraget ligg lengst aust i Sunndal kommune mot Sør-Trøndelag og Oppland. Området ligg frå 200 til vel 800 moh.
Naturen er svært dramatisk, med skogkledde stupbratte lier, djupe juv og elvegjel, grusterrassar, breie dalar med godt beite og seterdrift. Fire fossar stuper ned i Jenstadjuvet og renn saman i Åmotan. Attanfor ligg fjellviddene med toppar opp mot 2000 meter over havet. Her finst Nord-Europas einaste intakte høgfjellsøkosystem med mellom anna villrein, moskus, jerv og fjellrev. Landskapsverdiane er likevel i stor grad knytt til kulturlandskapet med gamle brunsvidde tømmerhus med opne beitemarker, slåtteeng og åker omkring.
Fjellgardane i området, 18 i talet, vert i dag drivne av fem aktive gardbrukarar. Samla er jordbruksarealet på i alt 683 dekar.
Verdiane i kulturlandskapet er svært godt dokumentert gjennom mange registreringar. Dei biologiske verdiane i området er knytt til kalkrike og artsrike seterdalar med naturbeitemarker og skogsbeite.
Det er mange fornminne i området. Fangst- og dyregraver, gamle hustufter, gravrøyser m.m. syner forhistoria frå steinalderen og framover.
Det er også fleire gamle gardar som er haldne godt i hevd. Døme på det er Svøu/Svisdal og Jenstad som truleg er frå yngre jernalder. Svøu/Svisdal er to fjellgardar som ligg oppe i fjellet ved elva Grødøla, om lag 600 moh. Gardane har mange gamle gardshus av høg verdi som kulturminne.
I høgfjellsdalane ligg det svært mange setrer. Desse vitnar om at det har vore stor aktivitet i desse områda. På Gammelsetra i Grudalen har det vore kontinuerleg seterdrift frå "gammeltida" og fram til i dag. Her er det mjølkekyr kvar sommar, og det vert produsert smør, ost, gubb osb. etter gammal oppskrift. Det vert og halde årlege seterkurs på denne setra.
I 2002 vart deler av dette nasjonalt viktige kulturlandskapet verna som Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde.
Brosjyre om utvalgte kulturlandskap i jordbruket
Utvalgte kulturlandskap i jordbruket viser hvordan jordbruksdrift i generasjoner har formet verdifulle landskap med kulturminner og naturmangfold. Hele landet er representert med 20 utpekte jordbrukslandskap som finner vi langs kysten, ved fjorden, på fjellet og i innlandet. En frivillig og langsiktig forvaltning og skjøtsel av områdene skal sikres basert på samarbeid med berørte kommuner og grunneiere. Områdene skal tas godt vare på, vises fram, og alle kan være stolte av dem. Ta turen ut i jordbruksnaturen!
Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning har i forbindelse med åpningen av Regjeringens spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket gitt ut en brosjyre som presenterer de 20 utvalgte kulturlandskapene.
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene.