Kulturlandskap: Gjuvslandslia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 21.07.2009
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Gjuvslandslia i Hordaland.
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Gjuvslandslia i Hordaland.
Fakta om det utvalgte kulturlandskapet Gjuvslandslia
Sted: Kvinnherad kommune, Hordaland
Jordbruksregion: Fjordene på Vestlandet og i Trøndelag
Områdetype: Høstingslandskap i utmark. Utslåtter under
gården Gjuvsland på Varaldsøy
Areal: 100 dekar
Kulturlandskap: Gjuvslandslia i Kvinnherad kommune i Hordaland. Foto: Synnøve Kløve Graue
Gjuvslandslia høyrer til garden Gjuvsland, og omfattar i alt sju teigar som tidlegare har vore utslåtter. På dei ulike teigane har det i tillegg til slått og beiting vore hausta lauv til fôr, teke ut hassel til tønneband, hausta nøtter, plommer, barlind og kristtorn til pyntegrønt.
Lia ligg søraustvendt til ut mot Hardangerfjorden og skrår jamt, med ei gjennomsnittlig helling på 38 grader, berre nedst mot sjøen flatar den noko ut. Topografien gir eit gunstig lokalklima, samstundes som berggrunnen er kalkrik. Den naturlege vegetasjonen i Gjuvslandslia er difor edellauvskog med rikt innslag av kalkkrevjande artar. Størstedelen
av området er eit landskapsvernområde med plantelivsfreding for treslaga barlind og kristtorn.
Slåtteteigen med bruksnr. 170/5 ligg sentralt i området, og er den teigen som er halden best i hevd. Her finn vi ei velstelt og artsrik slåttemark. Svært viktige og verdifulle registrerte artar er mellom anna hjartegras, engstarr, augnetrøst, steinstorkenebb, vill-lin, gjeldkarve,
karve, nattfiol, storblåfjør, småengkall og musekløver.
Slåtteenga har vore stelt på tradisjonell vis med slått og beiting fram til i dag. Skjøtsel av enga inneber beiting av sau vår og haust, raking etter beiting, slått seint på sommaren og tørking av høyet på bakken eller i hesjer. Høyet vert mellomlagra i utløa. Utpå ettervinteren vert det frakta heim i båt.
Gjuvslandslia inneheld mange ulike kulturminne. Mellom tuna på garden og lia renn Gjuvslandselva i eit trongt juv. Her er det tredemningar etter sagbruksdrift. Sørvest for elva ligg den vassdrivne saga som tidlegare var ei oppgangssag i felleseige mellom fire bruk. Frå gangbrua over elva går ein smal sti nordaustover gjennom teigane, nokre stader er den fint lagt på bakkemurar. På fleire av teigane står det utløer og naust som er knytt til den tradisjonelle drifta.
Brosjyre om utvalgte kulturlandskap i jordbruket
Utvalgte kulturlandskap i jordbruket viser hvordan jordbruksdrift i generasjoner har formet verdifulle landskap med kulturminner og naturmangfold. Hele landet er representert med 20 utpekte jordbrukslandskap som finner vi langs kysten, ved fjorden, på fjellet og i innlandet. En frivillig og langsiktig forvaltning og skjøtsel av områdene skal sikres basert på samarbeid med berørte kommuner og grunneiere. Områdene skal tas godt vare på, vises fram, og alle kan være stolte av dem. Ta turen ut i jordbruksnaturen!
Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning har i forbindelse med åpningen av Regjeringens spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket gitt ut en brosjyre som presenterer de 20 utvalgte kulturlandskapene.
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene.