Historisk arkiv

Kulturlandskap: Grinde - Engjasete

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Grinde - Engjasete i Sogn og Fjordane.

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Grinde - Engjasete i Sogn og Fjordane.

Fakta om det utvalgte kulturlandskapet Grinde - Engjasete
Sted
: Leikanger kommune, Sogn og Fjordane
Jordbruksregion: Fjordene på Vestlandet og i Trøndelag
Områdetype: Fjordgrend ved Sognefjorden, med gårdstun, innmark med frukthager, eng, beite og gamle kulturmarker, inkludert lauvingslier
Areal: 1 100 dekar

Kulturlandskap: Grinde-Engjasete i Leikanger i Sogn og Fjordane. Foto: Leif Hauge.
Kulturlandskap: Grinde-Engjasete i Leikanger i Sogn og Fjordane. Foto: Leif Hauge.

Grinde-Engjasete har ei svært interessant kulturhistorie med tradisjonelle driftsformar som enno vert praktisert på fleire av bruka.

Lokalsamfunnet på Grinde har vore flinke til å ta vare på den tradisjonelle ressursutnyttinga, og den unge generasjonen er oppteken av å vidareføre drift sformen. Svært mange gamle styvingstre i området vitnar om at lauvinga var viktig for landbruket før i tida. Lauvinga har bidrege til stor variasjon av ulike kulturmarker i området. Ein finn hagemarker med bjørk eller ask, lauvenger med ask, alm, bjørk eller selje og haustingsskogar med alm eller ask. Dei fl este styvingstrea finn ein i tilknyting til vegar, steingardar, rydningsrøysar og bekkefar.

Sårbare beitemarksoppar, sjeldne vedbuande soppar og interessante artssamfunn av lav og mose held til på styvingstrea i området.

Gravrøyser og andre funn fortel om landbruksdrift i området sidan eldre bronsealder. Lauvsankinga kan sporast tilbake til 2 400 år f.Kr. Det har truleg vore fast busetnad i det historiske tunområdet sidan 500 år f.Kr. Bygningane i tuna og på innmarka er i stor grad frå 1800-talet og her er verdifulle bygningsmiljø. Området er rikt på steingardar, bakkemurar, rydningsrøyser og gamle vegfar.

Grinde-Engjasete er ein typisk fjordgard der ressursgrunnlaget har vore alt frå fiske i fjorden til utmarkshausting i fjellet. Både innover Grindsdalen og oppover fjellet ligg fleire stølsområde som vart brukt på ulike årstider. På Orrasete ligg det gamle heimestølsmiljøet som vart brukt vår og haust av gardane på Grinde og Engjasete. Her finn ein også mange tekniske strukturar i tillegg til murar og tufter etter gamle sel og høyløer.

Dei gamle kulturmarkene og kulturminna ligg i ein mosaikk med meir moderne produksjonsareal for frukt, eng og beite. Området er skånsamt utnytta med få moderne inngrep, og framstår som eit kulturlandskap med stor tidsdjupne. Årleg slått og beiting av engareala i tilknyting til styvingstrea formar eit lysopent og parkliknande landskap.

Brosjyre om utvalgte kulturlandskap i jordbruket
Utvalgte kulturlandskap i jordbruket viser hvordan jordbruksdrift i generasjoner har formet verdifulle landskap med kulturminner og naturmangfold. Hele landet er representert med 20 utpekte jordbrukslandskap som finner vi langs kysten, ved fjorden, på fjellet og i innlandet. En frivillig og langsiktig forvaltning og skjøtsel av områdene skal sikres basert på samarbeid med berørte kommuner og grunneiere. Områdene skal tas godt vare på, vises fram, og alle kan være stolte av dem. Ta turen ut i jordbruksnaturen!

Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning har i forbindelse med åpningen av Regjeringens spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket gitt ut en brosjyre som presenterer de 20 utvalgte kulturlandskapene.

Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene.