Kulturlandskap: Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 20.07.2009
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll i Rogaland.
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene. I dag kan du lese om Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll i Rogaland.
Fakta om det utvalgte kulturlandskapet Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll
Sted: Rennesøy kommune, Rogaland
Jordbruksregion: Fjordene på Vestlandet og i Trøndelag
Områdetype: Fjordbygd på Rennesøy med gårdsanlegg, innmark, utmark og kystlynghei
Areal: 9 500 dekar
Kulturlandskap: Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvolli Rennesøy i Rogaland. Foto: Arne J. Lyshol.
Kystlyngheiområda på Rennesøy er svært varierte med lynghei på platået og tørrbakkar, enger og lauvtrelundar i den varme sørvesthellinga. Området har eit spesielt stort innhald av trua artar og andre sjeldne artar. Totalt er det registrert over 480 planteartar i området. Fem plantar veks ingen andre stader i Noreg. Det store artsmangfaldet skuldast mellom anna at Rennesøy har både svært milde vintrar og rimeleg varme somrar, dette gir gode vekstvilkår for ulike planteartar.
Det opne beitelandskapet er dessutan av dei eldste i landet med ei samanhengande brukshistorie på opp til 6000 år. Innanfor området finn ein vidare mange ulike kulturminne. Det som er lettast å få auge på er alle dei karakteristiske piggsteingjerda. Elles finn ein spor etter gamle ferdselsårer, nausttuft er og torvhus m.m.
Gardsanlegget Førsvoll med fleire gamle og karakteristiske bygningar ligg også innafor området. Dei eldste bygningane frå midten av 1800-talet er bygd opp av tørrmur.
Dei utvalde kystlyngheiområda ligg elles lett tilgjengeleg, og Rennesøy kommune har saman med Stavanger Turistforeining merka fleire turløyper i området.
Dei siste par åra har fleire av grunneigarane i området vist stor interesse for å ta være på landskapet og bygningane. Store delar av lyngheiane blir no brukte som ugjødsla beiteområde, men det er fleire stader eit press for å gjødsla dei opp. Fleire kulturminne er restaurerte eller rydda fram i lyset. Bruk og vedlikehald av landskapet er ein viktig
føresetnad for at kvalitetane i området ikkje går tapt.
Brosjyre om utvalgte kulturlandskap i jordbruket
Utvalgte kulturlandskap i jordbruket viser hvordan jordbruksdrift i generasjoner har formet verdifulle landskap med kulturminner og naturmangfold. Hele landet er representert med 20 utpekte jordbrukslandskap som finner vi langs kysten, ved fjorden, på fjellet og i innlandet. En frivillig og langsiktig forvaltning og skjøtsel av områdene skal sikres basert på samarbeid med berørte kommuner og grunneiere. Områdene skal tas godt vare på, vises fram, og alle kan være stolte av dem. Ta turen ut i jordbruksnaturen!
Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning har i forbindelse med åpningen av Regjeringens spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket gitt ut en brosjyre som presenterer de 20 utvalgte kulturlandskapene.
Kulturlandskap: Regjeringen har utpekt 20 spesielt utvalgte kulturlandskap i jordbruket. Gjennom juli måned presenterer Landbruks- og matdepartementet de ulike 20 utvalgte kulturlandskapene.