Historisk arkiv

Kulturlandskap: Konferanse for landskapsparkar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kulturlandskap: Politisk rådgjevar Ane Kismul deltek den 12. mai på den første nasjonale konferansen for regionale og lokale landskapsparkar på Stalheim i Hordaland.

Kulturlandskap: Politisk rådgjevar Ane Kismul deltek den 12. mai på den første nasjonale konferansen for regionale og lokale landskapsparkar på Stalheim i Hordaland.

Politisk rådgjevar Ane H. Kismul i Landbruks- og matdepartementet held innlegg på den første nasjonale konferansen for regionale og lokale landskapsparkar på Stalheim Hotell i Hordaland.

Det er i dag totalt sju landskapsparkar i Noreg, og fire nye er under etablering. Alle parkane ligg i Hordaland, og pådrivar for parkane hjå Fylkesmannen Hordaland, Dirk Kohlmann, seier at målet er at dette blir eit nasjonalt initiativ.

- Vi arrangerer ei samling over to dagar. Det viktigaste for oss er at konferansen kan medverke til å skape eit nasjonalt nettverk for landskapsparkar mellom regionar, og at alle får ein felles forståing for omgrepet landskapspark, seier Kohlmann.

Rogaland, Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag er blant fylka som allereie har meldt interesse for parkkonseptet.

   

Kulturlandskap: Politisk rådgjevar i landbruks- og matdepartementet Ane Kismul.
Foto: Torbjørn Tandberg

Auka æringsaktivitet og mindre fråflytting er viktige mål for mange norske kommunar. Desse omsyna er og ein viktig del av satsinga på landskapsparkar. Målet er at parkane skaper ringverknadar som kan gi både ny næringsverksemd, nye arbeidsplassar og større bolyst.

Landskapsparkane er knytt saman av ein grunnleggjande felles filosofi: Berekraftige næringar, skånsam turisme og ivaretaking av det verdifulle landskapet i parkane. Den viktigaste ressursen i desse særskilte områda er menneskja som bur der. Mange frå offentleg forvaltning deltek på konferansen, og målet er å skape merksemd og identitet rundt omgrepet landskapsparkar hjå forvaltninga.

Føredragshaldarar frå Sveits, Tyskland og Austerrike  
Dei norske bidraga vil fokusere på utvikling av parkkonseptet i Noreg. Føredragshaldarar frå Sveits, Tyskland og Austerrike vil vidare gje innblikk i prosessar, problemstillingar og suksessar i arbeidet dei gjer i sine land.

Ein del av konferansen vil gå føre seg i "felten". Deltakarane skal difor også vitje ekskursjonsmål i to Landskapsparkar i Hordaland og to i UNESCO-verdsarvområdet i regionalparken Nærøyfjorden.

Kulturlandskap: Politisk rådgjevar Ane H. Kismul deltek den 12. mai på den første nasjonale konferansen for regionale og lokale landskapsparkar på Stalheim i Hordaland.