Kulturlandskap: Nye landskapsparkar i Hordaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 02.07.2009
Kulturlandskap: Stadig fleire ynskjer opptak i nettverket Landskapsparkar og fire nye område i fylket startar no arbeidet med å utvikle landskapsparkar. Prosjektstyret har nylig vedteke å løyve oppstartsmidlar til Sveio, Ulvik, Odda og Uskedalen.

Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap som tek vare på tradisjonar. Formidling av lokal kultur og den gode historia bak landskapet og produkta gjev besøkande ei god oppleving. Her veks og blømer nytenking og kreativitet saman med landskapet. Opplevingar er ekte og autentiske uttrykk for landskapsparkane si sjølvkjensle og identitet.
-Landskapsparkar er levande bygder, der folket i fellesskap søkjer å utvikle heimstaden sin til ein god og inkluderande stad å bu og eit gjestfritt besøksmål, skriv Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland i siste utgåve av Fylkesnytt.
Gjennom sauegrinda, Sæbø, Radøy - Foto: Jostein Vågenes.
Kulturlandskap: Stadig fleire ynskjer opptak i nettverket Landskapsparkar og fire nye område i fylket startar no arbeidet med å utvikle landskapsparkar. Prosjektstyret har nylig vedteke å løyve oppstartsmidlar til Sveio, Ulvik, Odda og Uskedalen