Landbruk: Felles løft for sauehaldet i Rogaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 25.06.2009
Landbruk: Landbruksdirektøren i Rogaland tok for 2 år sidan initiativ til eit større kvalitets- og kompetanseprosjekt for sauehaldet i fylket. Prosjektet ”Auka produksjon i sauehaldet i Rogaland, 2009 - 2012”, har no god forankring og eigarskap i næringa, og alle slakteria i Rogaland er med i samarbeidet.

Sauenæringa står overfor store utviklingsutfordringar, og med det også fleire positive utsikter for produksjons- og marknadsmessige løysingar. Frå hausten 2007 og fram til no har sauenæringa sjølv, slakteria og det regionale partnarskapet hatt ein prosess for å få reist eit større prosjekt. Det nye prosjektet, ”Auka produksjon i sauehaldet i Rogaland, 2009 - 2012”, har fått god forankring og eigarskap i næringa, og alle slakteria i fylket er med i samarbeidet.
Rogaland har om lag 20 prosent av sauene i landet. Prosjektet sitt hovudmål er å auke tal vinterfôra sau med 5 prosent og avdråtten med 15 prosent. Ressursane i prosjektet skal i all hovudsak nyttast til rådgiving overfor bøndene.
Sau på beite. Foto: Fylkesmannen i Rogaland.
Landbruk: Landbruksdirektøren i Rogaland tok for 2 år sidan initiativ til eit større kvalitets- og kompetanseprosjekt for sauehaldet i fylket.