Landbruk: Gode potet- og grovfôravlingar i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 08.05.2009
Landbruk: Førebelse tal for jordbruksavlingar i 2008 syner gode produksjonsresultat. Samla avling av eng til slått var om lag 2,71 millionar tonn rekna som tørt høy, ein auke på 4 prosent frå 2007. Potet- og kornavlingane var også høgare.
Landbruk: Førebelse tal for jordbruksavlingar i 2008 syner gode produksjonsresultat. Samla avling av eng til slått var om lag 2,71 millionar tonn rekna som tørt høy, ein auke på 4 prosent frå 2007. Potet- og kornavlingane var også høgare.
I 2008 var samla avling av eng til slått om lag 2,71 millionar tonn rekna som tørt høy, ein auke på 4 prosent frå året før. Potet- og kornavlingane var også høgare, syner førebelse tal frå Statistikk Sentralbyrå
Eng til slått
Gjennomsnittleg avling av eng til slått er rekna til 624 kilo høy per dekar i 2008, mot 589 kilo i 2007. Ved første slått blei det hausta 4,3 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,1 millionar dekar. I tillegg blei vel 0,78 millionar dekar beita, og samla engareal til slått og beite utgjorde 5,1 millionar dekar i 2008.
Ved førsteslåtten blei 30 prosent av engarealet lagt i silo, medan 62 prosent blei hausta som rundballar. Ein like stor del av etterslåtten blei lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar, auka til 67 prosent. Graset frå 7 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan 2 prosent av etterslåtten blei hausta som høy.
2,1 tonn raigras på ein dekar
Det blei dyrka andre grønfôr- og silovekstar på drygt 137 000 dekar i 2008. Det blei dyrka grønfôrblandingar/kornvekstar på 49 prosent av dette arealet, medan arealet av raigras utgjorde 47 prosent. Dekaravlinga for raigras er rekna til 2 135 kilo, for grønfôrblandingar og kornvekstar 1 427 kilo.
Hedmark på potettoppen
Det blei hausta om lag 400 000 tonn poteter i 2008, mot snautt 330 000 tonn året før. Gjennomsnittsavlinga for heile landet blei 2 783 kilo per dekar i 2008. Hedmark er det store potetfylket, og heile 160 000 tonn, eller 40 prosent av produksjonen, blei hausta der.
10 prosent meir korn
Samla kornavling er i 2008 berekna til 1,35 millionar tonn, mot 1,21 millionar tonn i 2007. Gjennomsnittsavlinga av korn blei 434 kilo per dekar, mot 386 kilo året før.
Landbruk: Førebelse tal for jordbruksavlingar i 2008 syner gode produksjonsresultat.