Historisk arkiv

Landbrukseigedommar: Ny lov om jordskifte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbrukseigedommar: Landbruks- og matdepartementet har sendt ut eit høyringsnotat med utkast til ny lov om jordskifte. Lova skal erstatte lov 21. desember 1979 nr 77 om jordskifte o.a. Høyringsfrist: 15.01.2010.

Landbrukseigedommar: Landbruks- og matdepartementet har sendt ut eit høyringsnotat med utkast til ny lov om jordskifte. Lova skal erstatte lov 21. desember 1979 nr 77 om jordskifte o.a. Høyringsfrist: 15.01.2010.

- Jordskiftelova er moden for revisjon. Arbeidsgruppa sitt høyringsnotat inneheld ei rekkje forslag om modernisering og forenkling av gjeldande lov. Utredninga vil, saman med høyringsuttalene, danne eit godt grunnlag for arbeidet med ein lovproposisjon, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Bakgrunn
Høyringsnotatet er utarbeidd av ei arbeidsgruppe, hovudsakeleg med folk frå Landbruks- og matdepartementet. Arbeidet har blitt følgd opp av ei referansegruppe. Arbeidsgruppa har i tillegg mottatt ei rekkje innspel om korleis lova bør bli.

Den nye lova skal avløyse lov 21. desember 1979 nr 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven). Sida 1979 er det gjennomført ei rekkje enkeltståande endringar, slik at lova av mange no blir rekna som uoversiktleg. Arbeidsgruppa har i tråd med mandatet gjort ein brei gjennomgang av lova, med sikte på å lage ei meir systematisk og lettare tilgjengeleg lov.

Hovudinnhaldet i lovforslaget
Det blir foreslått at ein skal vidareføre dei aller fleste av dei verkemidla jordskifterettane rår over etter gjeldande lov, og dessutan foreslått å innføre enkelte nye verkemiddel som jordskifterettane kan bruke i arbeidet med å forbetre eigedoms- og bruksrettsforholda på faste eigedommar.

Det blir foreslått å gi lova ein formålsparagraf som er tilpassa at jordskifteretten er ein særdomstol, med avgrensa oppgåver og at det ikkje er ein føresetnad for ei sak for jordskifteretten at det er tvist mellom partane. Utgangspunktet er at lova skal gjelde for all fast eigedom. Nokre omgrep som ein reknar med vil bli mykje brukt, blir definerte.

Arbeidsgruppa foreslår å endre reglane om retten si samansetting, slik at hovudregelen blir at jordskiftedommaren skal vere einedommar. Jordskiftedomstolane skal framleis ha nødvendig personale for å utføre det tekniske arbeidet og førebu sakene. Arbeidsgruppa vidarefører ikkje regelen om oppnemning av meddommarar frå to utval ved skjønn i samband med jordskifte. Når det gjeld retten sin samansetting, går arbeidsgruppa inn for at det skal vere mogeleg å veksle mellom jordskifte og skjønn utan at det skal vere nødvendig å starte opp saka heilt på nytt.

Det blir foreslått at kvart enkelt verkemiddel som fell inn under samleomgrepet jordskifte skal få eigne paragrafar, slik at det blir lettare å få oversikt over dei verkemidla retten rår over. Utkastet inneber elles ein meir bevisst bruk av m.a. jordskiftefaglege omgrep for å gjere lova lettare tilgjengeleg for alle brukarane av lova. Arbeidsgruppa foreslår at jordskifte også skal omfatte det å kunne opprette sameige. Arbeidsgruppa går inn for å ta reglane om avskiping og omskiping ut av servituttlova, og erstatte dei med avløysing og endring etter jordskiftelova.

Gjeldande reglar om rettsutgreiing og grensegang blir i hovudsak vidareført. Av nye ting er forslag om å innføre ein heimel til å halde rettsutgreiing for utomhusareal til eigarseksjonar. Det er tatt inn heimlar for dei eigedomstypane jordskifteretten kan halde grensesak for. Nytt er også at jordskifteretten skal kunne halde grensesak for anleggseigedom. Arbeidsgruppa foreslår å stramme inn på rommet for grensejustering i grensesak slik at det blir det same som den lokale matrikkelmyndigheita har.

Arbeidsgruppa foreslår nokre endringar med omsyn til bruken av omgrepet skjønn. Det blir også foreslått visse endringar i jordskifteretten, tingretten og lensmennenes kompetanse til å halde skjønn. Den stadlege kompetanseavgrensinga ein finn i enkelte skjønnsheimlar, blir tatt bort. Skjønn som jordskifteretten held i samband med jordskifte, skal gå etter jordskiftelova sine reglar, eventuelt supplert med reglar frå skjønnsprosesslova. Skjønn jordskifteretten held som eiga sak, går etter reglane i skjønnsprosesslova.

Det blir foreslått saksbehandlingsreglar som skal vere felles for alle sakstypar for jordskifterett. I den grad det er nødvendig, blir dei supplerte med spesialreglar for den enkelte sakstypen. Arbeidsgruppa foreslår at tvisteloven, med visse unntak, blir gjort gjeldande så langt den passar. Arbeidsgruppa går inn for å oppheve ordninga med fremmingsvedtak.

Gjeldande rett om fordelinga av sakskostnader blir foreslått vidareført i stor grad. Partsgebyret blir ikkje vidareført. I staden kjem gebyr for rettsmøtedag.

Arbeidsgruppa foreslår ei endring av gjeldande ankeordning, slik at lagmannsretten blir einaste ankeinstans, men at retten blir sett saman ulikt alt etter kva for avgjerd som kravd overprøvd. For jordskiftesakene foreslår arbeidsgruppa at ankeinstansen skal prøve saka som ved overskjønn etter skjønnsprosesslova. Arbeidsgruppa har også utarbeid eit alternativt forslag der jordskifteoverretten blir oppretthalden.

Landbruks- og matdepartementet ber om uttaler innan 15. januar 2010.

Landbrukseigedommar: Landbruks- og matdepartementet har sendt ut eit høyringsnotat med utkast til ny lov om jordskifte. Lova skal erstatte lov 21. desember 1979 nr 77 om jordskifte o.a.