Historisk arkiv

Mattrygghet: Heim etter ti år i Brüssel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mattrygghet: Med veterinærområdet som den største posten i EØS-avtalen, spelar EFTAs overvakingsorgan (ESA) ei viktig rolle for å sikre trygg mat i EFTA-landa. Norske Ketil Rykhus har arbeidd i snart ti år hjå overvakaren.

Rykhus har sidan 1999 arbeidd for ESA, herunder dei siste tre åra som sjef for mattryggheitseininga (Food Safety Unit). Og sjølv om han på alle måtar har likt jobben, skal tilfeldigheiter og islendingar ha mykje av æra for at det har blitt snart ti år i Belgia.

Trygg mat har vore jobben til Ketil Rykhus dei siste ti åra. Her frå ein inspeksjon av eit oppdrettsanlegg saman med kollega Olafur Valsson (t.h.). Foto: Privat.
Trygg mat har vore jobben til Ketil Rykhus dei siste ti åra. Her frå ein inspeksjon av eit oppdrettsanlegg saman med kollega Olafur Valsson (t.h.). Foto: Privat.

- Eg byrja i Brussel i juni 1999, og planen var å vere her i ein toårsperiode. Så vart det ti år i staden. Island er nok litt av grunnen til at eg blie litt lenger i utgangspunktet. Når dei måtte reforhandle det første vedlegget til EØS-avtalen som omhandlar veterinære forhold, vart eg tilbudt å forlenge opphaldet.

ESA inspeksjonar
Rykhus kan fortelje at sjølv om ein inspeksjon i regi av ESA tek 1-2 veker varer heile prosessen fleire månader. Det heile startar med at ESA sender ut eit detaljert spørjeskjema med ting dei ynskjer svar på. Sjølve inspeksjonen byrjar med eit møte med myndigheitene som er gjenstand for kontroll, før inspektørane reiser ut for å ta matsikkerheita i augesyn på nært hald. På slike inspeksjonar deltek ofte også ein representant frå Kommisjonen. På desse rundane er det ingen som slepp unna; oppdrettsanlegg, slakteri, gardsbruk, restaurantar, laboratorium, mattilsyn og bedrifter får besøk. Det heile blir avslutta med eit oppsummerande møte og påfølgjande rapportskriving når dei er tilbake i Brussel. Men det er ikkje ”naming and shaming” som er ESA sitt mål.

Mattrygghet: Med veterinærområdet som den største posten i EØS-avtalen, spelar EFTAs overvakingsorgan (ESA) ei viktig rolle for å sikre trygg mat i EFTA-landa.