Historisk arkiv

Næringsutvikling: Bygdeutviklingsprisen 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Næringsutvikling: Innovasjon Norge søkjer kandidatar til Bygdeutviklingsprisen 2009. Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for bedrifter eller personar som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar.

Målet med prisen er mellom anna å synliggjere gode resultat frå landbruksrelatert næringsutvikling. I kvart fylke vert det kåra ein fylkesvinnar, og desse konkurrerer så om den nasjonale prisen.
 
Målgruppe
Hovedmålgruppa er bedrifter eller personar med næringsverksemd utanom tradisjonelt landbruk i tilknytning til landbrukseigedommar.
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier: 

  • Økonomisk resultat/lønsemd 
  • Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom 
  • Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet 
  • Nyskaping/originalitet

Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50.000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 200 000 kroner.

Er du kandidat?
Du kan melde deg som kandidat her eller ta kontakt med distriktskontoret ditt innan 1. august 2009.

Næringsutvikling: Innovasjon Norge søkjer kandidatar til Bygdeutviklingsprisen 2009.