Skog: Samarbeidsprosjekt for auka skogbruk i Ørsta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 17.12.2009
Skog: Eit interkommunalt samarbeid i Møre og Romsdal skal bidra til å kartleggje område, organisere samarbeid, løyse vegspørsmål og planleggje grendevise utdrifter for skogbruket i fylket dei komande 10 år.

Ørsta kommune var først ute med å organisere arbeidet med skogreisinga og blei eit døme for alle som følgde etter. No står kommunen rett framfor haustinga av tømmeret frå skogreisingskogane. I Ørsta er det gjennomført skogkartlegging med ferske digitale data for skogressursane i kommunen, og det er gjennomført eit prosjekt i fylket for å sjå på forbetring av logistikken i skogbruket. Det er og planar for etablering av fjernvarmeanlegg nær Ørsta sentrum med Tussa kraft som drivkraft der Ørsta kommune der skoglaga også er med. I dialog med Ørsta kommune har fylkesmannen etablert eit samarbeidsprosjekt som skal sjå på alle desse utfordringane. Gjennom prosjektet skal ein planleggje og leggje grunnlaget for berekraftig skogproduksjon med god tilpassing til landskapsbiletet.
I tråd med Strategiplanen for skogbruket i Møre og Romsdal er det no planlagt, finansiert og starta opp eit interkommunalt samarbeidsprosjekt som skal bidra til å kartleggje område, kontakte grunneigarar, organisere samarbeid, løyse vegspørsmål og planleggje grendevise utdrifter for komande 10 års periode. Prosjektleiar skal være eit mellomledd mellom kommune og Allskog.
Utsnittet frå ein digital terrengmodell illustrerer nokre av utfordringane ein står framfor i skogbruket i Ørsta.