WTO: Nasjonal matproduksjon - auka matsikkerheit
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 01.12.2009
WTO: På ein arbeidssesjon i samband med ministermøtet i WTO sa landbruks- og matminister Lars Peder Brekk at førsteprioritet for arbeidet i WTO, er å avslutte Doha-runden på ein balansert måte.
WTO: På ein arbeidssesjon i samband med ministermøtet i WTO sa landbruks- og matminister Lars Peder Brekk at førsteprioritet for arbeidet i WTO, er å avslutte Doha-runden på ein balansert måte. Han la vekt på nasjonal matproduksjon som det viktigaste instrumentet for å oppnå mattsikkerheit, og at det difor er behov for å finne ein fornuftig balanse mellom liberalisering og nasjonale omsyn.
Brekk sa også at WTO som system kan styrkast innanfor gjeldande reglar. Han sa mellom anna at Noreg støttar ein gjennomgang som inkluderer effektivitet og openheit i WTO. Arbeidssesjonen, som var open for alle medlemsland, hadde som formål å gje signal om WTO si rolle og innspel knytt til WTO-forhandlingane.
WTO: På ein arbeidssesjon i samband med ministermøtet i WTO sa landbruks- og matminister Lars Peder Brekk at førsteprioritet for arbeidet i WTO, er å avslutte Doha-runden på ein balansert måte. Foto: LMD