Historisk arkiv

Biologiske verdiar i utvalt kulturlandskap Vest-Lista

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det utvalte kulturlandskapet i Vest-Agder har ei svært lang historie å vise til. Det gjev ekstraordinære verdiar.

Det utvalte kulturlandskapet i Vest-Agder har ei svært lang historie å vise til. Det gjev ekstraordinære verdiar.

Jordbrukskulturen på Vest-Lista byrjar truleg for minst 6000 år sidan. Dette sette i aukande grad sitt preg på landskapet ved at det blei hogd, rydda, lauva og brent.

Vest-Lista
Marka til Eliette. Foto: Oddvar Pedersen

Etter kvart vart det eit skilje i landskapet mellom innmark og utmark. Husdyrhald blant anna basert på fôr sanka i utmarka, var med å leggje grunnlaget for gjødsling og fruktbar åkerjord på innmark. Dette landbruket gav nye vilkår for flora og fauna og har gjennom tidene påverka både vegetasjon og landskap, slik vi ser det 5400 dekar store området i dag.

Ulike typer kulturmark
På Vest-Lista finn vi  enno restar av ulike kulturmarkstypar frå tidlegare landbruksdrift. Kystlynghei på Jølleheia, artsrik slått- og beitemark på Penne og Jølle (Kjellnes), forutan beita og sterkt vindpåvirka, snautt knehøg eikeskog i Snekkestø. Her finns restar av det gamle kulturavhengige biomangfaldet. Kjellnes har med anna store bestand av raudliste-arten klokkesøte og mange artar som syner noko baserike tilhøve.

På Jølleheia har det vore kontinuerlig lyngbrenning og beiting av storfe og småfe og vi har fått vegetasjonstypar dominert av lyng, gras- og urtedominert vegetasjon. Området inneheld mellom anna fleire bestand av raudliste-arten klokkesøte (EN) og ein mindre bestand av bustsmyle (EN).

Penne har store verdiar med omsyn til kulturlandskap. Marka a’Eliette” inneheld fleire arter som syner at denne ikkje har vore kunstgjødsla. Teigen inneheld bestandar av fleire regionalt sjeldne arter, med anna kamgras, duskstorr og kvitmaure.

Vest-Lista - kystlynghei
Kystlyngheiene. Foto: Ole Steffen Gusdal

Strandsona
Det utvalte kulturlandskapet på Vest-Lista inneheld også svært verdifullt biomangfald knytta til strandsona, spesielt på Kylleberg. Her førekjem mellom anna raudliste-arten kjeldegras (NT). Strandsona vidare sørover, på Vestre Vere, utanfor det utvalte området, har endå høgare verdi som kulturlandskap då det her finns næringsrike sumpar og beitemark mellom svære flyttblokkar i strandsona. Her finns ein av de få førekomstane av kjempehøymole (EN) i Noreg (lenge den einaste), samt oftast store bestand av nikkebrønsle (VU), vasskryp (VU) og andre raudlisteartar.

Totalt sett er det utvalte kulturlandskapet på Vest-Lista eit artsrikt område, vi kjenner i dag kring 500 arter karplanter innanfor grensene.

Utvalte kulturlandskap i jordbruket
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har i fellesskap plukka ut 22 landskapsområde med minst eitt i kvart fylke som har fått statusen Utvalte kulturlandskap i jordbruket. Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har vore sentrale i prosessen. Dei ulike områda er plukka ut fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på dei som viktige kulturlandskap. Dette inneber å halde i hevd driftsmetodar med slått og beiting og også skjøtsel av bygningar og andre tekniske innretningar. Dei utvalte områda skal til saman representere varierte kulturlandskapstypar i Noreg. Det er satt av 14 millionar kroner på statsbudsjettet for 2010 for å stimulere til spesielle skjøtselstiltak i desse områda.

I Naturmangfoldåret presenterer departementa dei utvalte kulturlandskapa og den skjøtselen som er nødvendig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet i desse landskapa.