Kulturlandskap med eineståande artsmangfald
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 29.07.2010
Bønder på Rennesøy tek vare på dei artsrika områda med lynghei og naturbeitemark som er eit av 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket. Alle grunneigarane har inngått 10-årige, bindande avtalar om drift og vedlikehald av området.
Avtalane vart nyleg høgtideleg overrekt Fylkesmannen frå Rennesøy kommune. Området har hovudførekomstane av tre av artane i ein handlingsplan for 7 karplanteartar som berre finst i Rogaland og avtalane er eit hovudpunkt for å sikra leveområda for desse artane.
- Les meir om utvalgte kulturlandskap hos Statens landbruksforvaltning
- Se brosjyre om utvalgte kulturlandskap
Dei tre beitelanskapa med kystlynghei og naturbeitemark, Hodne – Vikevåg, Helland – Bø og Førsvoll – Austbøheia på Rennesøy er truleg av dei eldste opne kulturlandskapa i landet. Avskoginga til lynghei starta alt i yngre steinalder, nesten like tidleg som på Jæren.
Bakgrunnen for at området er med i utvalet er først og fremst den store rikdommen av artar. Totalt er det registert over 480 planteartar i området. Fem planter veks ingen andre stader i Noreg. Området er også rikt på kulturminne.
Handlingsplan
Ekornsvingel, dvergmarikåpe og saronnellik er dei tre artane som er med i den nemnte handlingsplanen. Desse er kjende frå den sørvestvende skråninga ned mot sjøen dominert av naturbeitemark med lundar av edellauvskog og hagtorn. I Noreg finst ekornsvingel berre i Rennesøy kommune. Dvergmarikåpe finst også nokre få stader på granneøya Finnøy. Desse veksestadene blir nå nøye dokumenterte som ei oppfyljing av handlingsplanen for å overvaka utviklinga for artane. Saronnellik vart ikkje funnen under utarbeidinga av handlingsplanen og kan ha gått ut, kanskje på grunn av attgroing av beitelandskapet.
Sjeldan sopp
Området har elles ein rik soppflora med kvit styltesopp som har få funnstader i Nord-Europa. I naturbeitemarka på Helland – Bø blei det funne 8 soppar som står på lista over trua artar – den såkalla raudlista. Dei fleste av desse er beitemarksoppar. Oppe på platået dominerer lynghei der det ikkje er gjødsla opp kulturbeite. Her finst den sterkt trua arten bustsmyle. Området har rikt fugleliv, med anna i dei to grunne vatna oppe på øya som er verna som naturreservat. Sjølv om lyngheia ikkje er like artsrik som naturbeitemarka, finst her dei sørlegaste purpurlyngheiane i landet.
Beitedyr på Rennesøy. Foto: Nono Dimbo, Rennesøy kommune.
Skjøtselsplan
Det er utarbeidd skjøtselsplanar for kvar eigedom der det er gitt konkret tilråding for korleis areala bør drivast for å ta vare på landskapet og dei ulike artane. Rennesøy kommune har no inngått avtalar med alle dei 15 grunneigarane i dei utvalde områda. Avtalane, saman med skjøtselsplanane, gir bindande føringar for landbruksdrifta.
Arbeidet som er gjort på Rennesøy er eit godt eksempel på korleis landbruks- og miljøinteressene samarbeider om å ta vare på verdifulle kulturlandskapsområde. Nokre av grunneigarane i området har begynt å få store inntekter frå utmarksdrifta gjennom sal av villsau og Aberdeen Angusfe. Samtidig vert viktige artar tekne vare på.
Skjøtseltiltak. Brenning av lynghei på Rennesøy. Foto: Nono Dimby, Rennesøy kommune
Gjenvekst etter brenning av lynghei på Rennesøy. Foto: Nono Dimby, Rennesøy kommune.
Utvalt kulturlandskap i jordbruket
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har i fellesskap plukka ut 22 landskapsområde med minst eitt i kvart fylke som har fått statusen Utvalt kulturlandskap i jordbruket. Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har vore sentrale i prosessen. Dei ulike områda er plukka ut fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på dei som viktige kulturlandskap. Dette inneber å halde i hevd driftsmetodar med slått og beiting og også å ta vare på bygningar og andre tekniske innretningar. Dei utvalte områda skal til saman representere varierte kulturlandskapstypar i Noreg. Det er sett av 14 millionar kroner på statsbudsjettet for 2010 for å stimulere til serskilte skjøtselstiltak i desse områda.
I Naturmangfaldåret vil departementa presentere de utvalte kulturlandskapa og den skjøtselen som er nødvendig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet i desse landskapa.