Historisk arkiv

Brekk inviterer til ungdomssamråd i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Presseinvitasjon:

I samband med arbeid med ny Melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken inviterer landbruks- og matminister Lars Peder Brekk til opent ungdomssamråd på Jæren i dag, mandag 14. juni.

I samband med arbeid med ny Melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken inviterer landbruks- og matminister Lars Peder Brekk til opent ”Samråd med ungdommen” på Jæren i dag, mandag 14. juni. Han ønskjer å møte ungdom og andre som har meiningar om norsk landbruk. Brekk ber om innspel frå ungdom og unge bønder om kva dei meiner er utfordringane og kva dei ventar seg av landbruks- og matpolitikken framover.

Tid: Måndag 14. juni kl 18.00 - 21.00
Stad: Veksthusloftet, Landbruksparken på Særheim, Postvegen 213 på Klepp stasjon.

Møtet er opent for alle. Det er ikkje påmelding. 

Førebels program

kl. 18.00 - 18.15 Velkomen ved fylkesordførar Tom Tvedt
kl. 18.15 - 18.45 Bakgrunn og føremål med ny melding om landbruks- og matpolitikken ved landbruks- og matminister Lars Peder Brekk
kl. 18.45 - 19.30 Førebudde innlegg frå unge bønder og representantar frå ulike ungdomsorganisasjonar
kl. 19.30 - 21.00 Debatt
 

Kontaktpersonar:
For landbruks- og matministeren: Ståle Norang. Tlf 41 43 80 11
Hjå Fylkesmannen: Hadle Nevøy. Tlf 91 39 93 86

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk har hatt slike samråd i alle delar av landet. Møtet i Rogaland er det 8. og siste samrådet som blir halde. Melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken skal fremjast våren 2011.