Historisk arkiv

Fjellgardar med god skjøtsel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal er av regjeringa peika ut som Møre og Romsdal sitt utvalte kulturlandskap i jordbruket.

Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal er av regjeringa peika ut som Møre og Romsdal sitt utvalte kulturlandskap i jordbruket.


Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Dei 21 bruka på i alt 683 dekar jordbruksareal vert drivne av fem gardbrukarar. I tillegg finst det eit hundretal setrer fordelt på 5 seterdalar. Dei biologiske verdiane i området er særleg knytt til dei kalkrike og artsrike seterdalane med naturbeitemarker og skogsbeite, men også til innmarka på gardane.


Her er store areal med tradisjonell slåtteng og naturbeitemark. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Det er registrert stor artsrikedom av karplanter. Her er store areal med slåtteng og naturbeitemark. Det finst mange fornminne som fangst/dyregraver, gamle hustufter og gravrøyser som representerer historia frå steinalderen til notid. Dei gamle gardane er haldne godt i hevd. Døme på det er dei to fjellgardane Svøu/Svisdal og Jenstad ved elva Grødøla, omlag 600 moh., som truleg er frå yngre jernalder. Gardane har mange gamle gardshus av høg verdi som kulturminne.


Aktive gardsbruk som har gardshus av høg verdi som kulturminne preger området. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 

Tiltak for skjøtsel
Det er laga eigne tilskotsordningar som skal fremje landbruksdrift som tek vare på kvalitetane i området. Innmarksareal med natur-kvalitetar registrert i Naturbase får ekstra tilskot til skjøtsel. Skjøtsel og stell av områda er eit samarbeid mellom grunneigarar, kommunen og fylkesmannen.

Utvalt kulturlandskap i jordbruket
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har i fellesskap plukka ut 22 landskapsområde med minst eitt i kvart fylke som har fått statusen Utvald kulturlandskap i jordbruket. Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har vore sentrale i prosessen. Dei ulike områda er plukka ut fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på dei som viktige kulturlandskap. Dette inneber å halde i hevd driftsmetodar med slått og beiting og også å ta vare på bygningar og andre tekniske innretningar. Dei utvalte områda skal til saman representere varierte kulturlandskapstypar i Noreg. Det er sett av 14 millionar kroner på statsbudsjettet for 2010 for å stimulere til serskilte skjøtselstiltak i desse områda.

I Naturmangfaldåret vil departementa presentere dei utvalte kulturlandskapa og den skjøtselen som er nødvendig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet i desse landskapa.



Her er store areal med slåtteng og naturbeitemark. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.