Historisk arkiv

Forbod mot å overføre sau mellom besetningar i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Våren 2008 vart det påvist fotrôte på sau. Sjukdomen spreidde seg raskt og det er no nærare 500 bandlagde buskapar. Mattilsynet legg no ut til høyring ny forskrift om forbod mot å overføre levande sau mellom besetningar i Rogaland.

Frist for høyringa er 3. august 2010.

Prosjekt Friske føtter
Sjukdomssituasjonen på dyr i Noreg er i stadig endring. Våren 2008 vart det for fyrste gong sidan 1948 påvist fotrôte på sau. Sjukdomen spreidde seg raskt og det er no nærare 500 bandlagde buskapar. Dei fleste finn ein i Rogaland. Det er difor no trong for å etablera ei soneforskrift i Rogaland. Sjukdomen fylgjer livdyr, og med regulering av livdyromsetnaden mellom sonene vil det vera mogleg å hindra ei vidare smittespreiing og kvitta seg med sjukdomen. Landbruks- og  matdepartementet har organisert prosjekt Friske føtter med representantar frå næringa, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Kartleggjinga av fotrôte har som nemnd vist at hovudproblemet er lokalisert til sau i Rogaland, og det er stor semje i næringa, fagmiljøet og forvaltninga om at tida no er inne for å laga ei soneforskrift for å begrensa og bekjempa sjukdomen.

Sau på beite
Mattilsynet legg no ut til høyring ny forskrift om forbod mot å overføre levande sau mellom besetningar i Rogaland.
Foto: Roy Mangersnes, Samfoto 

Våren 2008 vart det påvist fotrôte på sau. Sjukdomen spreidde seg raskt og det er no nærare 500 bandlagde buskapar. Mattilsynet legg no ut til høyring ny forskrift om forbod mot å overføre levande sau mellom besetningar i Rogaland.

Forsidebilde: Roy Mangersnes, Samfoto