Historisk arkiv

Krevjande og spennande skjøtsel frå fjord til fjell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Grinde - Engjasete i Leikanger er et svært spennande og allsidig kulturlandskap der eigarane må leggje ned stor innsats for å bevare det unike landskapsbiletet. Det fekk dei som skjøttar utvalte kulturlandskap frå heile landet, sjå under fellessamlinga i august.

Grinde - Engjasete i Leikanger er et svært spennande og allsidig kulturlandskap der eigarane må leggje ned stor innsats for å bevare det unike landskapsbiletet. Det fekk dei som skjøttar  utvalte kulturlandskap frå heile landet, sjå under fellessamlinga i august.

Grinde - Engjasete,  Styvingstre og steingardar, utsikt over Sognefjorden
Styvingstre og steingardar, utsikt over Sognefjorden. Foto: Johannes Anonby.

Vestlandet sin spesielle  topografi, med store høgdeforskjellar og bratte skråningar, ser vi att i fjordgardane som utnyttar  naturressursane frå fjorden og opp til fjellet.

Store høgdeforskjellar
Typisk for gardsdrifta var ei intensiv utnytting av lågtliggjande dyrkbare areal og ei omfattande bruk av utmarksressursane både i låglandet og i fjellet.

Gardane på Grinde ligg 120 meter over havet, medan dei på Engjasete er lokaliserte 100 meter høgare opp. Til gardane høyrer innmarksareal, lauvingslier og beitemarker, slåtte- og skogsteigar i utmarka, vår- og hauststølar og sommarstølar som ligg 800-900 meter over havet. Gravrøyser og andre funn fortel om landbruksdrift i området sidan eldre bronsealder. Det har truleg vore fast busetnad i området sidan 500 år f. Kr. Bygningane i tuna og på innmarka er i stor grad frå 1800-talet og her er verdifulle bygningsmiljø. Området er rikt på steingardar, bakkemurar, rydningsrøyser og gamle vegfar.

4400 år gammal driftsteknikk
Grinde - Engjasete har ei svært interessant kulturhistorie med tidligare  driftsformer som enno vert praktisert på fleire av bruka. Svært mange styvingstre i området vitnar om dette. Lauvinga har bidrege til stor variasjon av ulike kulturmarker. Vi finn hagemarker med bjørk og ask, lauvenger med ask, alm, bjørk og selje og haustingsskogar med alm og ask. Lauvsankinga er gammal i  området, og kan sporast tilbake til 2400 år f- Kr. Vi kan såleis oppleve ein meir enn 4400 år gammal driftsteknikk!

Ein stor del av det biologiske mangfaldet er avhengige av at kulturmarkene vert oppretthalde gjennom tidlegare  driftsformer. På Grinde finst både artsrike slåtteenger, hagemarker og lauvenger. Det mest spesielle er likevel det store artsmangfaldet av organismar som er knytt til dei gamle styvingstrea av alm og ask. Her trivst eit utall lav, mose- og soppartar, midd, insekt og fugl. Fleire sjeldne  lavartar, men serleg raudelista vedbuande soppartar er funne på Grinde.

     
Grinde - Engjasete, Rydningsrøyser
Rydningsrøyser. Foto, Astrid Sandvik

Krevjande ivaretaking
Dei gamle kulturmarkene og kulturminna ligg i ein mosaikk med meir moderne produksjonsareal for frukt, eng og beite. Det er få inngrep i området.  Årleg slått og beiting av engareala i tilknyting til styvingstrea formar eit lysope og parkliknande landskap.

Endringar i driftsformene med mindre bruk av utmarka fører til at lysopne kulturmarker gror att. I dag finn vi styvingstre omgitt av ung og kraftig lauvskog mange stadar på Grinde. I tillegg til attgroing og treslagsskifte (til gran), er hjortebestanden eit problem.

Utvalte kulturlandskap i jordbruket
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har i fellesskap plukka ut 22 landskapsområde med minst eitt i kvart fylke som har fått statusen Utvalte kulturlandskap i jordbruket. Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har vore sentrale i prosessen. Dei ulike områda er plukka ut fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på dei som viktige kulturlandskap. Dette inneber å halde i hevd driftsmetodar med slått og beiting og også skjøtsel av bygningar og andre tekniske innretningar. Dei utvalte områda skal til saman representere varierte kulturlandskapstypar i Noreg. Det er satt av 14 millionar kroner på statsbudsjettet for 2010 for å stimulere til spesielle skjøtselstiltak i desse områda.

I Naturmangfaldåret presenterer departementa dei utvalte kulturlandskapa og den skjøtselen som er nødvendig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet i desse landskapa.