Landbruk: Stølsturisme i vekst
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 15.03.2010
Landbruk: Resultata frå sommarsesongen 2009 viser at veksten hjå gards- og stølsturismevertskapa i Valdres er større enn i landet elles – og det er stølane som veks mest.
Landbruk: Resultata frå sommarsesongen 2009 viser at veksten hjå gards- og stølsturismevertskapa i Valdres er større enn i landet elles - og det er stølane som veks mest.
Fylkesmannen i Oppland i samarbeid med Valdres Natur- og Kulturpark, gjennomførte hausten 2009 ei spørjeundersøking mellom deltakarane i gards- og stølsturismeprosjektet i Valdres for å få meir kunnskap om tydinga av denne næringa i regionen.
Undersøkinga syner at ktørane innan bygdeturismen har stor tru på framtida. Optimisme pregar også gards- og stølsturismen i Valdres - aller mest optimistiske er stølsturismevertskapa der 100 prosent er anten ”ganske eller svært optimistiske”.
Barn og dyr på stølen. Foto: Fylkesmannen i Oppland.
Landbruk: Resultata frå sommarsesongen 2009 viser at veksten hjå gards- og stølsturismevertskapa i Valdres er større enn i landet elles - og det er stølane som veks mest.