Historisk arkiv

Landbruksteljinga 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Førebelse tal frå Landbruksteljing 2010 syner at talet på jordbruksbedrifter er redusert med 35 prosent sidan førre fullstendige teljing i 1999. Det samla jordbruksarealet i drift har i same perioden gått ned med 3 prosent til 10,1 millionar dekar.

Talet på jordbruksbedrifter, eller gardsbruk, har blitt redusert frå drygt 70 700 i 1999 til 46 300 i 2010. Det vil seie at kvart tredje gardsbruk har blitt lagt ned i denne perioden.

I 2010 blei 43 500 av gardsbruka drivne av personlege brukarar, og 14,4 prosent av desse personane var kvinner. I 1999 stod kvinnene derimot for drifta ved 12,9 prosent av slike gardsbruk. I 2010 blei 2 800 bedrifter, eller 6,1 prosent av totalen, drivne av upersonlege brukarar, mot berre 1,1 prosent i 1999.

     Gårdsbruk
Førebelse tal frå Landbruksteljing 2010 syner at talet på jordbruksbedrifter er redusert med 35 prosent sidan førre fullstendige teljing i 1999. Foto: LMD