Historisk arkiv

Nedgang i kjøtproduksjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det blei kontrollert 141 500 tonn kjøt i 1. halvår 2010. Dette er ein nedgang på 5 400 tonn, eller 4 prosent, i høve til same periode i fjor, viser førebelse tal frå Statistis sentralbyrå (SSB).

Det blei kontrollert 141 500 tonn kjøt i 1. halvår 2010. Dette er ein nedgang på 5 400 tonn, eller 4 prosent, i høve til same periode i fjor, viser førebelse tal frå Statistis sentralbyrå (SSB).

Svinekjøt utgjorde 60 100 tonn av det kontrollerte slaktet i 1. halvår i år. Dei tilsvarande tala for fjørfekjøt var 39 100 tonn, medan storfekjøt stod for 38 400 tonn og sauekjøt for 3 600 tonn.

Slakt av storfe har gått ned med 8 prosent samanlikna med 1. halvår 2009. Slakt av fjørfe har gått ned med 5 prosent. Produksjonen av svinekjøt var om lag som året før, medan det for sau var ein auke i slaktemengda på 3 prosent.

      Oppdeling av kjøtt