Norsk eplefest
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.09.2010
Under Norsk Eplefest på Gvarv lørdag 25. september 2010 vil Norges beste eplemost 2010 bli kåra. Juryleiar er Ane Hansdatter Kismul, politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet.
Under Norsk Eplefest på Gvarv lørdag 25. september 2010 vil Norges beste eplemost 2010 bli kåra. Juryleiar er Ane Hansdatter Kismul, politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet.
Stadig fleire gardar får produsert sin eigen eplemost, basert på ulike eplesortar og -blandingar, og med sine eigne historier. Med denne kåringa vil arrangørane av Norsk eplefest få fram mangfaldet og stoltheita for dei ulike produkta. Årets jury består av:
|
Under Norsk Eplefest på Gvarv lørdag 25. september 2010 vil Norges beste eplemost 2010 bli kåra. Juryleiar er Ane Hansdatter Kismul, politisk rådgjevar. Foto: Torbjørn Tandberg |
Eplemosten skal vere pressa av ferske eple, utan nokon form for tilsettingsstoff, og utan filtrering, men pasturisert. Den kan vere produsert i 2009 eller 2010, og må minst vere haldbar til 01.12.2010. Det vil bli kåring i 2 ulike klassar; ein for saft laga av ein eplesort, og ein for saft laga på blandingar av fleire sortar.
Norges beste eplemost 2010 vil få tilbod om leveringsavatale for leveransar til Vianvang, Arne Brimi sin eigen stad for formidling av mat, kultur og historie.
- Sjå www.eplefest.no for meir informasjon om påmelding