Historisk arkiv

Nye plantesjukdomar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Import og handel av grøntanleggsplanter fører også med seg nye plantesjukdommar. Berre i år er det registrert fleire nye tilfelle i Noreg. Etter nye funn er Bioforsk spesielt uroa over at den svært skadelige eggsporesoppen Phytophthora no er funnen i skogs- og naturområde.

Import og handel av grøntanleggsplanter fører også med seg nye plantesjukdommar. Berre i år er det registrert fleire nye tilfelle i Noreg. Etter nye funn er Bioforsk spesielt uroa over at den svært skadelige eggsporesoppen Phytophthora no er funnen i skogs- og naturområde.

Omfattande internasjonal handel med planter gjer at Phytophthora spreier seg til stadig nye område i verda. Det fins mange ulike artar, men felles for dei er at dei er svært skadelege for plantene dei angrip. Her i landet er det dei siste åra gjort funn på treaktige planter både i planteskular, hagesenter, frukthagar, klyppegrøntfelt, juletrefelt, grøntanlegg og lauvskog. Smitten kjem frå importerte planter, og her er det gjort fleire funn, sjølv om plantene kjem med "sunnhetssertifikat"!

Fleire sjukdomar
Planteklinikken ved Bioforsk Plantehelse får stadig inn prøvar med plantesjukdomar som er nye for landet. Seinast i august vart det stadfesta store skadar av ein ny soppsjukdom på hekkplanten buksbom frå ein privathage i Oslo. I september vart han funnen i Rogaland og seinare også på importerte planter i fleire hagesenter i Akershus.

Bioforsk er et forskningsinstitutt med spisskompetanse på et høyt internasjonalt nivå innen landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning. Forskningsinstituttet er organisert under Landbruks- og matdepartementet som eit forvaltningsinstitutt med særskilde fullmakter.

Bøk og lønnsmitta av Phytophthora plurivora.
Bøk og lønn smitta av Phytophthora plurivora. Foto: Venche Talgø

Forsidebilde: Sjukdom på nobeledelgran, Rogaland. Foto: Venche Talgø