Sjeldant barlindbestand er utvalt i Hordaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 10.12.2010
Slåttemarkene i Gjuvslandslia på Varaldsøy i Kvinnherad har eit gunstig lokalklima og noe som sjeldant som barlind i bestand gjer det 100 mål store arealet til eit spennande område.
Dei sju teigane i Gjuvslandslia som går inn i samlinga av utvalgte kulturlandskap, høyrer til garden Gjuvsland, har tidlegare vore utslåtter. På dei ulike teigane har det i tillegg til slått og beiting vore hausta lauv til fôr, teke ut hassel til tønneband, hausta nøtter, plommer, barlind og kristtorn til pyntegrønt.
Særtrekk ved Gjuvlandslia
Området er særleg kjent som eitt av einskildområda for barlind i landet - og dermed også i verda. Det står mellom 1000 og 1500 tre av barlind i dette kulturlandskapet, men beiting frå den stadig aukande hjortestamma gjer at rekrutteringa til barlinda er særs låg. Einaste staden nye plantar av arten får vekse opp er inne i tett kratt av bjørnebær, der hjorten ikkje kjem til.
Samstundes er skjøtselen av slåttemarkene avhengig av tilstrekkeleg beitetrykk frå sau. Ei viktig utfordring framover blir å finne eit balansepunkt mellom sauebeite som må ryddast for bjørnebærkratt og andre område som må sikrast for nyrekruttering av barlind. Slåttemarkene i Gjuvslandslia på Varaldsøy i Kvinnherad kommune har vore ein del av eit landskapsvernområde sidan 2000.
Biologi
Her finn vi i dag ikkje mindre enn 9 raudlisteartar (jf. Rødliste 2006) med beitemarkssopp, forutan ei lang rekke uvanlege karplantar i regionen som vill-lin, grov nattfiol og musekløver. Dette er godt dokumentert, ettersom teigen har vore forskingsområde for Universitetet i Bergen i mange år. Skjøtselsmidlar gjer forvaltning økonomisk interessant, men framfor alt gjev det godt høve til å restaurere eit større område der raudlisteartane over tid har gått ut. Tilbakeføringa gjennom restaureringa som no skjer gjer at ein del av artane over tid får høve til å spreie seg og ta tapt areal i bruk att.
Hesjing i Gjuvlandslia, Hordaland.
Skjøtsel av dette landskapet er krevjande då markene er bratte og ulendte. Her finst ikkje veg, så turrhøyet etter hesjing vert frakta ut med eit liten motorbåt. I år er også fleire nye gjerde kome på plass, og restaureringa av to utløer er også påbegynt.
Alle foto: Terje Aggvin
Utvalte kulturlandskap i jordbruket
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har i fellesskap plukka ut 22 landskapsområde med minst eitt i kvart fylke som har fått statusen Utvald kulturlandskap i jordbruket. Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har vore sentrale i prosessen. Dei ulike områda er plukka ut fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på dei som viktige kulturlandskap. Dette inneber å halde i hevd driftsmetodar med slått og beiting og også å ta vare på bygningar og andre tekniske innretningar. Dei utvalte områda skal til saman representere varierte kulturlandskapstypar i Noreg. Det er sett av 14 millionar kroner på statsbudsjettet for 2010 for å stimulere til serskilte skjøtselstiltak i desse områda.
I Naturmangfaldåret presenterer departementa dei utvalte kulturlandskapa og den skjøtselen som er nødvendig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet i desse landskapa.