Auka tømmeravverking
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 21.10.2011
Auka avverking, lågare pris på skurtømmer, men høgare massevirkepris er den raske oppsummeringa av tømmermarknaden i 3. kvartal fra Statistisk sentralbyrå.
Auka avverking, lågare pris på skurtømmer, men høgare massevirkepris er den raske oppsummeringa av tømmermarknaden i 3. kvartal fra Statistisk sentralbyrå.
1,88 millionar kubikkmeter tømmer blei levert industrien i tredje kvartal. Det er 2,1 prosent opp frå same periode i 2010.
Bruttoverdien for dette tømmeret er på 666 millionar kroner. Det er omtrent på line med tømmeromsettinga for eitt år sidan på tross av auka hogst. Det heng saman med at snittprisen på skurtømmer sank med 32 kroner. Dette blir ikke veid opp av at snittprisen på massevirke auka med 34 kroner. Hogsten steg mest i Hedmark som tek to tredelar av hogstauken med 26.000 kubikkmeter.
Auka avverking, lågare pris på skurtømmer, men høgare massevirkepris er den raske oppsummeringa av tømmermarknaden i 3. kvartal fra Statistisk sentralbyrå.
(Foto: Øystein Søbye, Samfoto)