Historisk arkiv

Bioøkonomien sentral i europeisk forskning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Eit godt internasjonalt forskningssamarbeid er nødvendig for å løyse store globale samfunnsutfordringar knytt til mat, energi, klima og helse. Noregs innspel til EUs grønnbok er såleis viktig for å ivareta norske interesser.

Eit godt internasjonalt forskningssamarbeid er nødvendig for å løyse store globale samfunnsutfordringar knytt til mat, energi, klima og helse. Noregs innspel til EUs grønnbok er såleis viktig for å ivareta norske interesser.

Bioøkonomien sentral i europeisk forskning
Eit godt internasjonalt forskningssamarbeid er nødvendig for å løyse store globale samfunnsutfordringar knytt til mat, energi, klima og helse. På vegen fram mot eit nytt Europeisk forskningsprogram er det viktig at Noreg posisjonerer seg slik at vi kan få mest mogleg ut av samarbeidet. Noregs innspel til EUs grønnbok er såleis viktig for å ivareta norske interesser.

I Landbruks- og matdepartementets innspel til Kunnskapsdepartementets høyringsrunde om EUs grønnbok blei det lagt vekt på at den kunnskapsbaserte bioøkonomien bør stå sentralt i det framtidige europeiske forskningsprogrammet. Økt kunnskap om bærekraftig og effektiv utnytting av tilgjengelege biologiske ressursar er nødvendig for å sikre framtidig produksjon av nok, trygg og sunn mat. I dette ligg også eit stort potensial for auka verdiskaping og innovasjon.

Landbruks- og matdepartementet  er med i arbeidet fram mot ei felles europeisk programsatsing knytt til landbruk, matsikkerheit og klimaforandringar (Joint Programming Initiative /JPI-FACCE). Arbeidet er framleis i startfasen, men det ligg an til ei første pilotutlysning allereie i juli 2011. Implementering av dei ulike JPIer i neste rammeprogram står sentralt i det norske innspelet til kommisjonen.

Jordbrukslandskap
Eit godt internasjonalt forskningssamarbeid er nødvendig for å løyse store globale samfunnsutfordringar knytt til mat, energi, klima og helse. Foto: Øystein Søbye, Samfoto