Historisk arkiv

Brekk til Sogn og Fjordane 17. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Presseinvitasjon

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk vitjar Sogn og Fjordane 17. august. Mellom anna vitjar han Tine Meieri på Byrkjelo, ein gard i Jølster, og Mo og Jølster vidaregåande skule. Han deltek og på landbrukspolitisk møte i Førde.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk vitjar Sogn og Fjordane onsdag 17. august. Han vitjar mellom anna Tine Meieri på Byrkjelo, garden til Johannes Nedrebø i Jølster, og Mo og Jølster vidaregåande skule. Seinare på kvelden deltek han på landbrukspolitisk møte i Førde.

Frå programmet:

09.00-10.15  

Møte med Agro Business Park i Nordfjordeid. Tema: Lokale alkoholprodukt på Vinmonopolet. Stad: Bryggen Hotell, Kaivegen 1, 6770 Nordfjordeid

11.15-13.00  

Bedriftsvitjing på Tine Meieri på Byrkjelo. Orientering og omvising. Stad: Meierivegen 1, 6826 Byrkjelo

13.30-14.15  

Gardsvitjing hjå Johannes Nedrebø, Jølster. Her blir det dreve allsidig produksjon i ny driftsbygning. Stad: Ålhus, 6847 Vassenden i Jølster. 

14.45-16.15

Vitjing hjå Mo og Jølster vidaregåande skule, Mo.
Tema: Landbruksutdanning. Stad: Mo, 6800 Førde.

18.00-19.40 

                      

Landbrukspolitisk møte i Førde med næringsorganisasjonane. Stad: Rica Sunnfjord Hotell, Storehagen 2, 6800 Førde

 

Pressa er velkomen med. 

Lokal kontaktperson for programmet: Per Rune Vereide, mobil 977 06 884.

Landbruks- og matdepartementet sin pressetelefon: 22 24 91 40.