Brekk vitjar Vietnam
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 23.11.2011
Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) skal på vegne av Regjeringa denne veka vitje Vietnam for å delta på markeringar av eit 40 år langt diplomatisk samarbeide.
Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) skal på vegne av Regjeringa denne veka vitje Vietnam for å delta på markeringar av eit 40 år langt diplomatisk samarbeide. Statsråden skal treffe både utanriksminister og landbruksminister og mellom anna skrive under ei avtale om samarbeide mellom Noreg og Vietnam.
- Til trass for den store avstanden mellom Noreg og Vietnam, har vi i fleire år hatt et svært godt samarbeide på flere område som økonomisk utvikling, kompetanseheving og demokratibyggjing. Eg er imponert over utviklinga i Vietnam, spesielt landet si evne til å byggje opp eigen matproduksjon. Mattryggleik vil og være eit viktig tema i dei samtalene eg skal ha i Vietnam, seier Brekk.
Brekk vil i hovudsak framheve samarbeidet mellom Noreg og Vietnam, både det som har vore og område der samarbeidet kan forsterkast ytterlegare. Andre tema statsråden kjem til å ta opp er framtidige genetiske ressursar og mogelegheitar for å byggje opp fondet som kan medverke til å utvikle nye frøsortar, ”Benefit Sharing Fund”. Dette er midlar som fyrst og framst er retta mot utviklingsland, og som kan medverke til å tryggje genetiske ressursar som er motstandsdyktige mot framtidige klimaendringar. Frøfondet er ein del av den internasjonale Plantetraktaten, og Brekk kjem til å leggje vekt på at Vietnam bør ratifisere sjølve avtalen. |
Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk |
Bioforsk er organisert under Landbruks- og matdepartementet (LMD) som eit forvaltningsinstitutt med særskilde fullmakter. Forskningsinstituttet har i dag verksemd i flere delar av verda, mellom anna sør i Vietnam, og skal være med på turen å informere om det arbeidet som er i gang og det som planleggjast vidare.
Brekk skal og underteikne ei avtale om samarbeid mellom Noreg og Vietnam om forskning og kapasitetsbygging for akvakultur.
Pressekontakt for landbruks- og matminister Brekk i Vietnam:
Kommunikasjonssjef Ottar Løvik, mob.: +47 481 40 477.