Bygdeutviklingsmidlane for 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 17.02.2011
Landbruks- og matdepartementet har utarbeida nytt rundskriv om dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane (BU-midla) for 2011, samt andre regionale næringsutviklingsprosjekt. Rundskrivet erstattar rundskriv M-1/2010.
Landbruks- og matdepartementet har utarbeida nytt rundskriv om dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane (BU-midla) for 2011, samt andre regionale næringsutviklingsprosjekt. Rundskrivet erstattar rundskriv M-1/2010.
- Sjå nytt rundskriv om BU-midla (pdf, 506 Kb)
BU-midla er det viktigaste økonomiske verkemiddelet til Landbruks- og matdepartementet for å nå målet om næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Her spelar Fylkesmannen, Innovasjon Norge, fylkeskommunane og kommunane ei særskilt viktig rolle, kvar for seg- og ikkje minst i samarbeid. Målet med bygdeutviklingsmidla er å legge til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, samt desentralisert busetnad med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedomen spesielt.
Hovudprinsippa i forvaltninga av BU-midla tek utgangspunkt i den nasjonale strategien for landbruksbasert næringsutvikling ”Ta landet i bruk!”.
Målet med bygdeutviklingsmidla er å legge til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, samt desentralisert busetnad. Foto: Svein Holo, Samfoto