Dårleg eplesesong i Hardanger
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 18.08.2011
Mange epledyrkarar i Hardanger får låg avling i år, grunna mykje nedbør og låge temperaturar. Dette kan gje store økonomiske utslag for fruktbøndene.
Mange epledyrkarar i Hardanger får låg avling i år, grunna mykje nedbør og låge temperaturar. Dette kan gje store økonomiske utslag for fruktbøndene.
Klimadata frå Ulvik syner ikkje ein dag utan nedbør frå 12. mai til 4. juni i år. I mai vart det målt 139 mm nedbør i Ulvik, mot rundt 50 mm i eit normalår. Knapt ein dag har vist ein middeltemperatur over 10°C i same periode.
Epletre med lite kart. (Foto: Rolf T. Djønne)