Historisk arkiv

Fjord Norge til Grüne Woche 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

For fyrste gong har alle dei fire fjordfylka ei felles satsing på Internationale Grüne Woche i Berlin, ei av verdas største forbrukarmesse for landbruk, mat og reiseliv.

For fyrste gong har alle dei fire fjordfylka ei felles satsing på Internationale Grüne Woche i Berlin, ei av verdas største forbrukarmesse for landbruk, mat og reiseliv.

Bedriftene som er vald ut representerer ei blanding av matprodusentar, overnatting og serveringsbedrifter. Fellesnemnaren for produkta er at dei representerer det beste Fjord Norge har å by på.

I dag  møtest 15 bedrifter frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til smaksverkstad på Hansakontoret i Nøsteboden i Bergen. Prosjektleiar er Kari Birgitte Wiig ved Måltidets Hus AS i Stavanger.

     
Monica Berstad Mæland på Grüne Woche 2011 for Møre og Romsdal

Monica Berstad Mæland på Grüne Woche 2011 for Møre og Romsdal
(Foto: Fjord Norge)

Kokkane gler seg
- Her var mykje god mat – det blir spanande med smaksverkstad, seier Ryfylkekokken Frode Selvaag då han fekk sjå lista over produkta. Han er ein av fire kokkar frå Fjord Norge som er utfordra på å samarbeide i smaksverkstaden. Dei andre er Nils Nesje frå Møre og Romsdal, Gunnar Nagell Dahl frå Hordaland og Morten Sjøvik frå Rogaland. Dei får i oppgåve å setja saman smakar som profilerer verdsarva, nasjonale turistvegar og gode matopplevingar.

Internationale Grüne Woche (IGW) er rekna som ei av verdas største messer for mat, landbruk og hagebruk med 1.500 utstillarar frå nesten 60 land og meir enn 400.000 besøkande. I tillegg til det ordinære publikum frå Tyskland og nabolanda, besøker representantar og ekspertar frå matrelaterte næringar frå mange land messa. Av desse er meir enn 100.000 representantar frå handel og industri. Messa samlar også ca 5000 journalistar frå meir enn 70 land.

Hordaland på Grüne Woche 2011

Hordaland på Grüne Woche 2011 (Foto: Fjord Norge)