Halvparten av hogstfelta ikkje tilplanta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.02.2011
Fylkesmannen i Rogaland har kontrollert 71 hogstflater frå 2006/2007 om dei er tilplanta etter hogst. Berre 21 prosent var tilfredsstillande forynga. Dette er resultatet av at landbruks- og matminister Lars Peder Brekk i fjor sommar ba fylkesmennene kartlegge fornyning etter hogst.

Kontrollen i kjølvatnet av ”skogplantebrevet” til statsråd Brekk har avdekka urovekkande lite forynging av hogstflatene fylket. Resultatet er ei avskoging av dei beste skogareala.
48 prosent av dei kontrollerte hogstflatene frå 2006/2007 var godkjent omdisponerte eller under omdisponering – dei fleste til jordbruk. Fleirtalet av desse flatene var ikkje godkjent omdisponert , men blei oppgitt av eigar at skulle omdisponerast til jordbruk – utan at det hadde skjedd 3 – 4 år etter hogst.
Forsømt hogstfelt. Foto: Lars Slåttå.