Historisk arkiv

Heggem til Valdres

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Presseinvitasjon:

Statssekretær Ola T. Heggem vitjar ein støl i Valdres og deltek på open politisk debatt om fjellbygdenes framtid i Noreg ved Vaset i Valdres i dag, måndag 5. september.

Statssekretær Ola T. Heggem vitjar ein støl i Valdres og deltek på open politisk debatt om fjellbygdenes framtid i Noreg ved Vaset i Valdres i dag, måndag 5. september.

Stølsbesøk med mjølkeproduksjon
Statssekretær Ola T. Heggem vitjar Anne Kristin Haug og Steinar Lagrud på Kvålsstølen kl 16.00. Pressen er velkommen. Her blir høve til å oppleve aktiv støl med mjølkeproduksjon og servering av stølskost.

Stad:
Kvålsstølen i Vestre Slidre i Oppland

Open debatt om fjellbygdenes framtid og lokal foredling
Bygdeutviklingsstyret i Valdres og Vestre Slidre kommune inviterer til open debatt om bygdeutvikling knytt til lokal foredling av råstoff produsert  i bygdene. Møtet er ope for alle som er interesserte i bygdeutvikling, og vil setja fokus på kva lokal mat og lokal matforedling betyr for utviklinga av bygdene. Statssekretær Ola T. Heggem frå Landbruks- og matdepartementet held innlegg og deltek i debatt.

   
Statssekretær Ola T. Heggem

Statssekretær Ola T. Heggem vitjar Valdres 5. september. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Tid: Måndag 5. september 2011 kl. 1900.
Stad: Sekskanten på Vaset i Vestre Slidre.
Reiserute: Frå Fagernes, E-16 mot Bergen. Kjør 8 km til Ulnes og ta av til venstre, Panoramavegen, bru over Strandefjorden og opp lia til Vaset, total kjørestrekning 17 km. 

Serveringsstaden Sekskanten ligg like ved brua i sør enden av Vaset-vatnet. 

Frå programmet:

  • Landbrukspolitikken – viktig for distrikta. Innlegg ved statssekretær Ola T. Heggem, Landbruks- og matdepartementet
  • Korleis kan landbruket medvirke til å utvikle sterke robuste lokalsamfunn, med engasjerte menneskje? Innlegg ved Ann Merete Furuberg, Norsk Bonde og Småbrukarlag
  • Bygdeutvikling. Innlegg ved Aslag Hamre, konsulent i Valdres Natur- og Kulturpark  
  • Paneldebatt samansett av fleire politikarar og andre. Tema: Dagens situasjon med lokal foredling.

Pressetelefon for Landbruks- og matdepartementet: 22 24 91 40.