Husdyrproduksjon i Aust-Agder
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 23.06.2011
Aust-Agder er eit lite og sårbart husdyrfylke. Utviklinga innan husdyrproduksjonane verkar inn på kulturlandskapet, produsentmiljøet og logistikken til underleverandørar og varemottakarar. Fylkesmannen følgjer utviklinga og vurderar tiltak fortløpande.
Talet ammeku i Aust-Agder har gått opp. Dette har samanheng med marknadsoppgangen for storfekjøt. Og ein del mjølkeprodusentar som har slutta har nok gått over til ammeku. Ammeku er einaste produksjonen der talet produsentar har auka. Innan dei andre husdyrproduksjonane er talet produsentar om lag halvert dei siste ti åra.
Sigbjørn Haslemo (t.h.) leier TINE sitt nye prosjekt «Mjølk i Aust-Agder». Her er han i Arendal hos mjølkeprodusent Håvard Dale. (Foto: Olav Håland, TINE)