Jordbruksoppgjeret: Detaljane er avklart
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.06.2011 | Sist oppdatert: 17.10.2013
Partane i jordbruksoppgjeret, staten og Norges Bondelag, er no samde om alle detaljane knytt til oppgjeret. Avtaledokumentet er no ute hos partane for signering.
Partane i jordbruksoppgjeret, staten og Norges Bondelag, er no samde om alle detaljane knytt til oppgjeret. Avtaledokumentet er no ute hos partane for signering.
Avtaledokumentet inneheld mellom anna alle viktige føresegner for målprisane og tilskotsordningane for jordbruksvarer.
- Sjå heile avtaledokumentet her (pdf, 1 Mb)
Avtalen gjev detaljinformasjon om kva grunnlag som gjev rett på tilskot, satsar og frist for å søkje. Føresegner knytt til målprisane på mjølk, kjøt, egg, korn og i grøntsektoren står og her. Avtalen regulerer grunnlaget for utmåling av storleiken på tilskota til kvart føretak, og inneheld ôg føresegner om marknadsreguleringa av dei viktigaste jordbruksvarene.
Dokumentet inneheld ikkje føresegner som er inntatt i forskriftene for ordningane. I forskriftene for tilskotsordningane er vilkåra som må vere oppfylte for at ein produsent skal ha rett på tilskot.
Partane i jordbruksoppgjeret, staten og Norges Bondelag, er no samde om alle detaljane knytt til oppgjeret.(Foto: Svein Grønvold, Samfoto)